Aldri fred å få for viruset

Nyheitsbildet 18. november.

Dagane kan vere tungsame for tida. Sjølv for den som i utgangspunktet har lite å klage over her i livet, som underteikna, går det an å kjenne at denne pandemien syg energi og livsglede ut av kroppen.

Viruset slo til for alvor i mars her til lands. Lite visste vi dei første dagane kva som venta. Folk reagerte på så ymse vis. Mellom anna utløyste virusalarmen ei storstilt hamstring av dopapir. I dag kan vi sjå det humoristiske i situasjonen. Men samstundes var forklaringa på desse nokså irrasjonelle innkjøpa alvorleg nok. Folk var rett og slett var redde.

Vi har vore gjennom mange fasar i pandemien. Etter ein beinhard periode frå nedstenginga 12. mars, begynte situasjonen ut på våren å sjå lysare ut. Regjeringa drista seg til ei gradvis opning av samfunnet, og dei fleste fekk ein sommar som var til å leve med. Men så, ut på seinsommaren, vart det atter lys i varsellampene. Sidan har alt berre vorte verre og verre. Korleis skal det bli, før vaksinen for alvor kan begynne å nedkjempe denne usynlege fienden?

Eg skriv desse linene på ein mørk og regnvåt novemberonsdag. Dagslyset slit med å få fotfeste her ute i Bud. I Robinsonmarka er det stille. Ein nybaka pensjonist er overlaten til seg sjølv, og trøyer tida med å skrive. Sidan eg i heile mitt liv har vore utan evne til å ha det langsamt, kosar eg meg med livet som pensjonist. Ikkje eingong koronaen skal få ta frå meg kjensla av nyvunnen fridom og herredømme over eiga tid.

Men alle påminningane om pandemien set sjølvsagt eit visst preg på kvardagen. Følgjer ein med på nyheitene, blir det store doser med korona gjennom døgnet. Eg tykkjer bildet til denne epistelen er ein god illustrasjon på korleis viruset følgjer med på lasset nesten uansett kvar vi måtte opphalde oss. Eg har funne ut at det er greit å legge inn nokre filter. Om kvelden blir det derfor ofte «Farmen» og andre liknande program i staden for «Debatten». Det er lov, for ikkje å seie sunt, å gjere reint i skolten med lettbeint underhaldning.

Vi går inn i den mørkaste tida av året med pandemien hengande over oss. Håpet er at dei strenge tiltaka som er sette i verk etter kvart skal få effekt, slik at vi i det minste kan få ei jul saman med våre næraste. Lat oss tru at det lysnar. Alle treng noko å sjå fram til no. Til helga tjuvstartar vi advendtstida og tek fram pynt og lys.

Ta gjerne ein tur innom heimesida mi, Vebju Media Ansnes.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s