
Åtte år med langpendling til og frå jobb fekk meg til å gjenoppdage NRK radio sine morgonsendingar. Når folk no spør meg meg om eg ikkje er glad for at det er slutt med all kjøringa, så kan eg ikkje svare eit blankt ja på det. Det er faktisk slik at eg tek meg i å sakne turane innover fjordane om morgonen, og det faste radioritualet som eg etter kvart la meg til.
«Nyhetsmorgen» på P2 er eterens klart beste aktualitetsprogrogram. Inkludert i sendeflata er «Politisk kvarter», stramt regissert av eit knippe særs kompetente debattleiarar. I «Politisk kvarter» slepp ikkje politikarane unna med snikksnakk. Blir det for mykje svada, kan skarpskodde Bjørn Myklebust bryte inn og spørje: «Husker du hva spørsmålet var»?
«Politisk kvarter» er debatt på sitt beste. Eg trur mykje av grunnen til det er tidsramma, som ofte skapar ein intens og fortetta atmosfære. Sidan debattane på TV meir og meir går i retning av show, med PR-kåte programleiarar som som hovudaktørar, har «Politisk kvarter» for meg vorte som ein oase i det offentlege ordskiftet. Sidan januar 2013 er det ikkje mange av desse kvartera som har gått meg forbi.
Så begynte eg på bilturane mine å høyre på eit program til, morgonandakten. Etter kort tid vart eg fast lyttar. Eg vil gjerne slå eit slag for dette vesle pusterommet, som gjev rom for refleksjon og ettertanke i ein oppkava kvardag. Lyttarskaren er heller ikkje så reint liten. Dagleg har programmet, som no er inne i sitt 89. år, fleire hundre tusen lyttarar.
Andakten er noko heilt anna no enn da eg var gutunge, og vi måtte passe på at radioen til oldemor mi på kåret var skrudd på til andakten starta. Den gongen varte programmet i 20 minutt, og hadde eit langt meir forkynnande innhald enn dagens kvardagsbetraktningar. Til avslutning var det ein religiøs song som passa til andaktsorda. Ofte var desse songane framførte av Peder Alhaug eller Olav Werner. Det er rart kva ein greier å hugse frå fjerne tider!
For mi gudfryktige oldemor var nok andakten dagens høgdepunkt. Ho let meg og brørne mine forstå at dette var viktig. Og det sit i, den dag i dag.
Men tilbake til dagens utgave av morgonandakten. I dag har andaktshaldaren berre tre – fire minutt til rådigheit. Musikken i etterkant kan vere tilpassa andakten, men svært ofte er vi i staden tilbake til P1 si speleliste. Eg har ofte irritert meg over smaklause overgangar frå stille stund til tanketom fjortismusikk, tilpassa ei heilt anna målgruppe enn andaktslyttarane. Program, der det ikkje finst samanheng mellom det verbale og det musikalske innhaldet, har for øvrig vorte ein av P1 sine spesialitetar. Men det kan vi skrive meir om ein annan gong.
I morgonandakten får ein ta del i kvardagsfunderingar over tru og liv. Mange av andaktshaldarane har mykje klokt å melde. Favoritten min er filosof Henrik Syse. Eg har også stor sans for artist Trygve Skaug, politikarane Stefan Heggelund (H) og Kirsti Bergstø (SV), NRK-journalist Tomm Kristiansen og bilentusiast Jan Erik Larssen. Blant bidragsytarar av den meir gamle skule finn eg store glede i å lytte til Geir Gundersen frå Skodje, teolog og tidlegare leiar i Blå Kors både nasjonalt og internasjonalt. Lat meg også ta med Ragnhild Jebsen, som er domprost i Nidaros.
Så dukkar det av og til opp overraskingar. Plutseleg ein morgon var Linn Skaaber andaktshaldar. Flåkjeften frå Nytt på nytt? Eg var skeptisk, men måtte nokså fort legge skepsisen til sides. Det er ein fryd å høyre på når Linn Skaaber snakkar om nestekjærleik, toleranse og verdiar som bærebjelkar i sitt liv og si tru. Verkeleg til å bli klok av! Det same gjeld Arve Juritzen, forleggar og tidlegare kjent programleiar på TV. Ja, lista over kloke hovud er eigentleg veldig lang.
Som pensjonist vart det ei utfordring å oppretthalde radiorituala om morgonen. Eg ser liksom ingen grunn til å stå opp klokka kvart over seks lenger. Løysinga er nettradioen til NRK. Der kan ein finne alt ein ønskjer akkurat til kva tid det måtte vere. Eg kan høyre «Nyhetsmorgen», «Politisk kvarter» og andakt når det passar meg. Fabelaktig!
Radiolyttinga blant folk har gått ned. Konkurransen om folk si tid er ein heilt annan enn for nokre tiår sidan. Men framleis har radioen ei dagleg oppslutning på på over 63 prosent, ifølge oppdaterte lyttartal for veke 45. Av dette står NRK-kanalane for nesten 42 prosent. NRK P1 er den klart største kanalen, med ei dagleg oppslutning på 26,4 prosent. Det utgjer dobbelt så mange lyttarar som P4, som er nest størst.
Det er lenge sidan radioen var samlingspunktet heime hos folk. Den rolla overtok fjernsynet for snart 60 år sidan. I dag er heller ikkje TV-apparatet sin posisjon det den ein gong var. I 2020 lever folk sine liv på dei digitale plattformane.
Ingenting kan likevel slå radioen når et gjeld fleksibilitet. Ein radio kan du har overalt i huset, i bilen, på hytta eller i lomma når du går fjelltur. Eit genialt medium – og det einaste med morgonandakt og «Politisk kvarter»!
Politisk kvarter 24. november 2020: Lytt til programmet her
La oss snakke litt om ensomhet ved Linn Skaaber: Lytt til programmet her
Veldig interessant og gjenkjennende ord.
LikerLikt av 1 person
Mange takk!
LikerLiker