Sportsrevy 1955 – ei bok for livet

Eit klenodium å ha i bokhylla.

Eg har lese nokre tusen bøker opp gjennom åra. Ei av dei første eg fatta interesse for, og som vart studert frå perm til perm eit utal gongar, var Sportsrevy 1955. Den stod i bokhylla heime, innkjøpt av vår sportsinteresserte far.

Eg lærte meg å lese tidleg, og begynte allereie før skulealder å utvikle interesse for idrett og idrettsstjerner. Eg var derfor ikkje gamle karen da eg tok til å bla i Sportsrevy 1955, som summerte opp alt det som hadde skjedd på sportsfronten året før eg vart fødd. Som rosinen i pølsa er det med eit eige tillegg på 26 sider om vinter-OL i Cortina d’Ampezzo, som vart arrangert vinteren 1956. Boka er på bortimot 500 sider, og omtalar rundt tretti idrettsgreiner.

Når eg blar gjennom sidene, merkar eg at stoffet framleis sit som spikra. Det er nesten så eg veit kva som kjem på neste side – før eg har bladd om. Eg kan framleis ein god del om vinter-OL i 1956. Kunnskapen fekk eg som liten gut gjennom denne boka.

Antti Hyvärinen vann hopprennet i Cortina d’Ampezzo. Finnene imponerte med sin nye aerodynamiske stil, med hendene på baklomma. (Alle bilda i denne artikkelen er henta frå Sportsrevy 1955).

Mine første heltar var idrettsstjerner. Eg lærte fort å bli interessert i mange slags sportsgreiner. Men aller mest stas var det det med vinteridrett, og da i særleg grad hopp. Eg meiner den dag i dag at eigentleg finst det berre tre idrettsgreiner: Skihopping, skihopping og skihopping. Anna idrett er for dei som ikkje har mot til å bli skihopparar.

Men for all del: Langrenn, skøyter, kombinert, fotball og friidrett stod – og står framleis – høgt i kurs. Det same gjeld skiskyting. Men på midten av 50-talet var det stort sett berre militære som dreiv på denne greina. Det første VM i skiskyting kom ikkje før i 1958.

I Sportsrevy 1955 er det eit kapittel som heiter «Slik blir du skihopper», forfatta av Hilmar Myhra. Kor mange gongar eg las artikkelen veit eg ikkje. Men det som er sikkert, er at eg aldri greide å sette lærdommen ut i praksis. Karrieren begrensa seg til hopping i bakken bak fjøset heime, der vi på dagar med god gli og rett oppdrift kunne strekke oss ned til 15 – 20 meter.

I ettertid er det lett å slå fast at det skorta mykje på satsteknikken. Og bra var kanskje det. Eldste bror min, som var ein mykje betre hoppar enn eg, meiner at med den farten vi hadde i tilløpet, ville god sats ha gjort at vi hoppa over vegen og inn i stua.

Det er mange gode minne knytta til Sportsrevy 1955, som også var gjev å ta fram når kompisar kom på besøk. Det var ikkje alle som kunne imponere med eit slikt klenodium!

Kanskje var boka medverkande til at eg og bror min begynte å klippe ut sportsbilde frå aviser og blad i stor stil. Nokre av desse bilda, som femner over mange ulike idrettsgreiner, har eg fortsatt liggande. Dei fleste er frå siste halvdel av 1960-talet. Eg har oppretta eit nytt galleri på heimesida mi, Sportsnostalgi, der eg har tenkt å samle ein del av utklippa. Klikkar du deg inn her, vil du sjå dei eg så langt har lagt inn. Fleire vil følge etter kvart.

Gå til Sportsnostalgi her.

(Sjå fleire bilde frå Sportsrevy 1955 under).

For nordmennene vart OL-hopprennet i 1956 ein fiasko, med Sverre Stallvik som best av våre på 9. plass. Stallvik var reserve for Arnfinn Bergmann, som låg sjuk.
Boka ga innblikk i idrettar vi knapt hadde høyrt om, som t.d. turn. Dette er russeren Arzajan, fotografert under eit storstemne på Jordal Amfi.
Landskamp mot Danmark i 1955. Resultatet vart 1-1.
Dramatikk i Drafnkollen da tribuna raste saman under rennet i 1955. Rundt tretti personar vart skadd.
10.000 meter i Cortina d’Ampezzo. Vinnaren Sigvart Ericsson frå Sverige har tatt igjen japaneren Asaka med ein runde.
Reidar Andersen i Holmenkollen i 1938 – ifølge Sportsrevy 1955 kanskje det vakraste hoppbildet som til da var tatt.

Sjå fleire bilde på Sportsnostalgi. Klikk her.

2 kommentarer om “Sportsrevy 1955 – ei bok for livet

  1. Mitt første skihoppminne er frå OL 1948, med trioen Petter Hugsted, Birger Ruud og Thorleif Schjeldrup på pallen!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s