
Fredag 19. desember får kvinnehopparane endeleg starte sesongen. Det skjer i Ramsau i Østerrike. Rennet stod ikkje på den opprinnelege terminlista, men har på initiativ frå Østerrike kome i stand for å redde litt av stumpane av førjulssesongen. Deretter er ikkje neste konkurranse før 22. – 24. januar. Da vil herrehopparane ha gjennomført 16 konkurransar denne sesongen.
Dette er ikkje noko annan enn rein kvinnediskriminering. Fordi: Kvinnelege idrettsutøvarar er ikkje meir smittefarlege enn mannlege. Det som ligg bak er ei ekkel blanding av økonomiske omsyn og eit forstokka syn på kvinnehopping.
Vår stjernehoppar Maren Lundby har fleire gongar vore ute i avisene og uttrykt sin frustrasjon. No les eg i VG at Det internasjonale skiforbundet (FIS) grunngjev sine beslutningar med at jentene generer mindre pengar enn gutane.
– Det er et fair svar, egentlig. Det får frem sannheten. Men jeg skulle ønske at det kom en løsning. Kanskje vi kunne delt mer på midlene, hvis likestilling er viktig. Men det blir veldig mye ord og lite action. Det er den samme «grøten» seier Maren Lundby til VG.
Akkurat: «Hvis likestilling er viktig.» Men for FIS-pampane er ikkje likestilling viktig når det gjeld skihopping. Det har vi sett gjennom mange år, med alle dei diskriminerande utsegner og vedtak som har kome frå det haldet.
Hvis det hadde eksistert eit reelt ønske om å legge best mogleg til rette for skihopparar av begge kjønn under pandemien, ville jentene sjølvsagt ha fått konkurrere oftare. Men omsynet til pengar trumfar dessverre alt, også i denne unntakssesongen. I hoppsporten er det i 2020 framleis slik at likestilling ikkje har nokon verdi – ikkje eingong som omdømmebyggar.
– Når du ser at resten av verden konkurrerer i alle andre idretter mens vi må sitte å se på, da føler man litt på at det ikke er bare smittevern som er problemet, konkluderer Maren Lundby i intervjuet med VG.
Det har ho heilt rett i.
Det er tragisk at likestillinga framleis ikkje har nådd verdas flottaste idrett.