
Da koronapandemien braut ut, var eg enno i full jobb. Eg hugsar korleis viruset snudde opp ned på livet i redaksjonen, der alt plutseleg berre dreide seg om ein einaste ting. Folk sitt informasjonsbehov var umetteleg, og nettlesinga gjekk til himmels.
Vi visste ikkje kor lenge pandemien ville vare. Men vi forstod at den kom til å ta veker, og kanskje til og med månader. Når eg klikkar meg inn på dei første kommentarane eg skreiv, er det lett å sjå kor lykkeleg uvitande både eg og dei fleste andre var om kva som var i vente.
No veit vi meir. Etter ti månader med covid-19 i Norge, er situasjonen framleis dramatisk. Året startar med veksande smittetal og nye restriksjonar, og ingen veit vel heilt korleis dette skal bli utover i 2021. Heldigvis klarte legevitskapen å utvikle vaksine mot styggedommen på rekordtid. Slik eg ser det, er alt håp no knytta til vaksinen. Skulle vi ha venta på den kanskje heilt til ut i 2022, slik dei første spådommane gjekk ut på, er eg redd 2021 ville ha vorte eit uår der viruset fullstendig tok kommandoen over alle delar av samfunnet.
2020 vart eit år for historiebøkene. Mange har hatt det vanskeleg. Likevel: Vi er privilegerte som får lov til å leve i dette landet. Eg er mektig imponert over måten politikarar og helsestyresmakter har handtert krisa på. Forhåpentleg er det verste over i god tid før valet. Korona og politiske verhanar i fri dressur vil vere ein svært destruktiv kombinasjon, er eg redd. Vi ser allereie tendensane.
For eigen del har eg lite å klage over. Rett nok var det mykje vi hadde sett fram til som ikkje gjekk etter planen i 2020. Saknet av eit normalt, sosialt liv har til tider også vore sterkt. Men i det store og heile handlar dette om bagatellar. I respekt for dei som verkeleg fekk prøve livet sine utfordrande sider i fjor, bør slike som meg teie stille.

Koronamørket til tross: Når eg ser tilbake på 2020, må konklusjonen for min og Mette sin del bli at det skjedde da mykje kjekt også. Da hyttesesongen endeleg kom i gang i juni, ga den oss også dette året mange flotte opplevingar. Ja, aldri før har hytta på Tæla betydd så mykje som i koronaåret. Låge smittetal gjorde det mogleg med trivelege sommarbesøk. Ei heil veke fekk vi ha barnebarna Daniel og Benjamin for oss sjølve. Det vart årets høgdepunkt.

Koronaåret lærte oss også kor viktig det er å finne det store i det vesle. Eg meiner eg og Mette har vore gode på akkurat det. Ein liten køyretur i nærområdet for å sjå på den flotte naturen vi er omgjevne av, søndagsmiddag hos Ørjan på Bud kiosk og spiseri, ei kveldsstund med fiskestong og kaffekopp på berga rett nedanfor oss – det skal ikkje så mykje til for å skape litt lys i kvardagen.

I mars og april bestemte vi oss for å sjå alle episodane av «Der ingen kunne tru at nokon skulle bu». Du verda for ei reise det vart. Ja, ho er faktisk ikkje heilt ferdig enno. I tillegg støvsuga vi NRK-arkivet for alle Lars Monsen-program, og vi vart med Jens frå Trøndelag på tur ut i villmarka. Enkle gleder, mange gode stunder i lag i loftstua – og mykje lærdom.
Eigentleg har livet smilt ein god del til oss i 2020. Men vi lengtar sjølvsagt etter det normale.
Elles vart den verkeleg store omveltinga for meg i fjor overgangen til livet som pensjonist. Eg sa opp jobben i Aura Avis på vårparten etter 43 år i media, og har aldri sett meg tilbake. Tida var rett og slett inne til å seie at nok var nok.

Yrkeslivet mitt starta 15. juni 1977 i Romsdalsposten i Kristiansund, i ei avis som den gongen framleis vart trykt i bly. Eg avslutta som fulldigitalisert 64-åring, oppslukt av ei redaktørrolle som innebar å vere påskrudd 24 timar i døgnet året rundt. Mellom desse ytterpunkta har det vore mange travle og artige dagar. Eg har fått vere med på mykje, og kan med handa på hjartet seie at eg ga alt eg kunne – heile tida. Av og til var det tilstrekkeleg, andre gongar ikkje. Heldig med helsa har eg også vore. Fråversdagane mine gjennom alle desse åra er ikkje fleire enn at eg bortimot har dei i hovudet. Snittet ligg på mindre enn ein dag fråver i året.
No har eg for første gong i mitt vaksne liv kontroll over mi eiga tid. Førjulsvinteren har eg bruka til å ta innover meg at det faktisk er slik. Eg var førebudd på at akkurat det kom til å bli ein prosess. Det vart det også, både mentalt og fysisk. Berre det å omstille kroppen frå dagleg inntak av 10-12 koppar med kaffe til 2-3 har vore ein heil jobb. Og meir enn ein gong har eg vore på tur opp frå godstolen og bort til PC-en når twittermeldingar om fartskontroll på Aspøya eller pipebrann i Villabyen har vist seg i displayet på mobiltelefonen.
Men dagane er gode. Og dei blir berre betre og betre. Til hausten blir det ein pensjonist til i huset. Det ser vi begge fram til.
