No står Knut i døra, og jula må ut

Da er det tilbake til kassen på mørkeloftet for denne trivelege familien. På gjensyn i desember!

Når er jula slutt? Denne epistelen er skriven på tjuandedagen, 13. januar, som frå gammalt har markert avsluttinga på jula ein del stader i Norge, Sverige og Finland. Heime oss oss likar vi å ha jula framme heilt til denne dagen. Dette fordi vi tykkjer det er triveleg med jul og julepynt i mørketida, og at det slik ikkje har nokon hast med å pakke ned pynten. Det var trass alt ein del arbeid med å sette fram alt saman, også. Det blir ikkje jul i stua av seg sjølv.

Så er det nok slik at vi som feirar jul heilt til tjuandedagen høyrer til eit mindretal. Mange meiner det får halde med trettandedagen, og eg ser på sosiale media at 1. nyttårsdag er ein dag som folk nyttar til å kaste ut jula. Ja, det er også dei som sett punktum og pakkar ned pynten 2. juledag. Det høyrest trist ut.

Men tilbake til tjuandedagen. Dagen er også kalla Knutsdag etter helgenen Knut, som «jaga», «feia», «dansa» eller «ringa» jula ut. Knut Lavard var ein dansk prins som vart drepen den 7. januar 1131, truleg av søskenbarnet og rivalen sin Magnus Nilsson, som var vald til svensk konge i Västergötland. Knut vart seinare helgenerklært.

Øksa på primstaven viser til korleis Knut Lavard vart drepen. Drikkehornet symboliserer at ein drikk ut jula, klokka viser til at ein ringer ho ut, og sopelimen til at alle spor etter høgtida blir feia bort. Altså: Tjuandedags-Knut jagar jula ut.

Det finst mange tradisjonar knytta til tjuandedagen. Dagen var kjenneteikna av at ein ikkje lenger heldt store julefestar, og ein skulle ete opp all julematen. I Setesdal tok dei opp alle øltønnene frå kjellaren og tømte dei. I Østerdalen åt dei rømmegraut til dugurd, og i Rana-distriktet hadde kvinnene sørga for at utrustinga til lofotfisket var klar. Dermed kunne dei feire kjerringjuldagen. Kjerringjuldagen var dagen da kvinnene etter alt strevet fekk kome saman og kose seg med god mat og triveleg prat. Dagen er knytta både til 13. januar (tjuandedagen), 8. januar (1. nyttårsdag) og kyndelsmesse (2. februar).

Her i Romsdal heitte det at om det snødde tjuandedagen, skulle det kome tjue periodar med snø før sommardagen 14. april. Det ber bod om ein snøfattig romsdalsvinter. Ute er det sol frå skyfri himmel og nokre kuldegrader i dag.

Gamle tradisjonar døyr ut, og nye kjem til. I dag er det mange som pyntar juletreet allereie tidleg i desember. Da er det kanskje ikkje så rart at dei får det travelt med å kaste ut jula når sjølve høgtidsdagane er omme?

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

Ikkje ei sky på himmelen ved Hustadvika på tjuandedagen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s