Klam og unorsk klemming

Leonid Bresjnev styrte Sovjetunionen med jarnhand frå 1964 til 1982. Men han var også ein ivrig klemmar. Kjelde: Nasjonalbiblioteket/Østlands-Posten.

Det er 21. januar og den internasjonale klemmedagen. Eg visste ikkje at dagen fanst, før eg høyrde det på nyheitene i dag tidleg.

Tidene forandrar seg. I dag held det ikkje lenger med eit handtrykk når to personar møter kvarandre. Det skal klemmast. Eg tykkjer det er noko unorsk og klamt over denne klemmekulturen som har invadert oss dei siste åra. Når vi klemmer kvarandre i tide og utide, blir ein klem til slutt lite verdt.

Eit tydeleg utslag av klemmehysteriet ser vi på TV. Når ein ny gjest kjem inn i eit program, må vedkomande alltid klemme både programleiaren og dei andre som sit der frå før. Til og med på «Mesternes mester», eit av dei beste programma NRK nokon gong har laga, går det over stokk og stein med klemminga. Når blir det klemming i Dagsrevy-studioet?

Og så er jo sjølve rosinen i pølsa i denne samanheng TV2-programmet som eg vel å kalle «Hver gang vi griner». Mellom dei musikalske innslaga står deltakarane stort sett og klamrar seg til kvarandre, oppløyste i tårer. Patetisk.

Det er stor forskjell på ein ekte og ein påtatt klem.

I dag er det heilt naturleg at menn gjev kvarandre klemmar. Slik har det ikkje alltid vore. Eg hugsar frå fjernsynet sin barndom tidleg på 60-talet, da den store verda kom inn i stua. Lettare sjokkerte vart vi vitne til at mannlege statsleiarar frå Aust-Europa klemte og kyssa kvarandre. Noko slikt hadde vi aldri sett før.

I grenda der eg vaks opp, var fysisk kontakt noko som høyrde det private til. Folk hadde mykje sosial omgang. Men nokon klemmekultur eksisterte ikkje. Kvar dag samlast kallane frå gardane ved mjølkerampen for å sende spanna til meieriet. Eg såg aldri at Ola Gjera og Nils Myr’n kasta seg rundt halsen på kvarandre når dei møttest. Nei, det gjorde eg verkeleg ikkje! Men stemninga var god likevel.

Pandemien legg ein sterk dempar på den internasjonale klemmedagen i år. Det er like greit. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

2 kommentarer om “Klam og unorsk klemming

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s