Da langrennseliten kom til bygda

På 60-talet var det ikkje ofte vi såg langrennsløparane på TV. Sett bort frå meisterskapa, måtte folk halde seg til radioen. No var det slett inga dårleg erstatning. Bjørge Lillelien bringa spenninga inn i stua på ein måte som gjorde at folk satt klistra til apparata. Ei femmil med intervallstart varte mellom tre og fire timar. Lillelien klarte likevel å skape spenning av alt som skjedde.

I 1969, og kanskje eit år til – eg er litt usikker, hende det noko som fekk surnadalingar i alle aldrar til å gå mann av huse. Da kom nemleg langrennseliten til bygda. Enno var ikkje sporten meir profesjonalisert enn at løparane på slutten av sesongen reiste rundt i landet og gjekk oppvisningsrenn. Dei beste norske var med, i tillegg til ein og annan frå utlandet. Blant dei utanlandske som gjesta Surnadal hugsar eg godt Franco Nones frå Italia, som i 1968 tok OL-gull på tremila.

Idrettsplassen på Øye skule vart bruka som stadion, der det var svart av folk. Eliterennet, som det vart kalla, ville ingen gå glipp av.

Det var uaktuelt å ta bussen heim frå skulen på renndagen. I staden plasserte vi oss etter skuletid strategisk i området rundt hotellet. Der var det mogleg å følge med etter kvart som stjernene kom køyrande og steig ut av bilane sine. Plutseleg stod Harald Grønningen berre eit par meter unna oss! Vi var starstruck, som det i dag heiter på godt norsk.

For sportsinteresserte gutungar var det heilt uverkeleg å kome så tett innpå dei store heltane. Løparane skreiv villig autografar, og var frie for primadonnanykkar. Oddvar Brå var ein av verdas beste juniorar på denne tida. Han var ein triveleg kar, som skreiv autografar og prata med ungane som flokka seg rundt han.

Berre den som opplevde dette greier å forstå kor stort det var. Det kvilte ei bortimot elektrisk stemning over bygda. For folk flest var ikkje verda så stor, og livet bestod for det meste av kvardagar. På denne tida var det også mange som framleis ikkje hadde fjernsyn.

Langrennsinteresserte i dag kan gle seg over TV-overføringar kvar helg gjennom sesongen. Eg er sjølv blant dei som set stor pris på at det har vorte slik. Men så har vi samstundes vorte bortskjemte og blaserte. Kor mange surnadalingar ville eit heilt uvesentleg kveldsrenn med Johannes Høstflot Klæbo, Emil Iversen og dei andre toppane ha samla i dag?

Sjå fleire bilde frå eliterennet i 1969 under GAMLE FOTO på Vebju Media Ansnes.

6 kommentarer om “Da langrennseliten kom til bygda

  1. Fantastisk flott sak og vinkling. Kan nesten kjenne og føle hvordan det måtte ha opplevdes. Er nok slikt som har knyttet oss så sterkt til idretten her i gamlelandet.
    Takk for ditt innlegg.
    Mvh Svein M. Meland

    Liker

  2. Fantastisk innlegg som vekker gode minner. Jeg har noen dårlige bilder fra samme skirenn av Harald Grønningen og Ivar Formo i løypa.Samlet autografer den dagen som jeg har enda😊Mitt store idol var VM helten fra 1966, Gjermund Eggen .
    Husker jeg kom så nær at jeg dro i helsetrøya hans etter rennet( den med hull ,da han vrengte av seg overdelen ) Alt for å komme nær og sikre seg autograf.
    Årstallet må være vinteren 1970 /71 , var fra ungdomskoledagene (1970-72)

    Liker

  3. De var nok ikke rennet i 69 jeg har bilde av , da mine bilder ble tatt mens jeg gikk på Ungdomskolen.
    Så da hadde Surnadal besøk av langrennseliten 2 år på rad ser det ut til.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s