Kor fint det er på Eidet!

Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert.

Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor fint det var. No hadde dei heller ikkje all verdas tid til å sysle med slike tankar, det må leggast til. For menneska som budde på desse gardane, var det arbeid frå tidleg morgon til fjøsstellet var ferdig om kvelden.

Når eg seg på bildet, dukkar det opp minne om skirenning, vedkøyring med hest, køyring med høyslede frå løene og mangt anna. Det var stor aktivitet i grenda vinters tid.

Dei som baska med vedarbeid i djupsnøen inne i Kvenndalen, og skulle buksere hest og lass ned den bratte kleiva, hadde eit arbeid som kunne vere krevjande. Men det var rolege karar, som visste kva dei heldt på med. Dei brukte den tida dei trong. Ordet stress var ikkje oppfunne. Det var fleire som dreiv med vedkøyring i Utigard Kvennbø. Ingen hadde det meir travelt enn at dei slo av ein prat med ein liten kar som stod oppmøtt når lasset kom til gards.

Vedarbeidet var ikkje for ungar. Annleis var det med høykøyringa. Da gjekk det an å få sitte på ein tur ut til løa. Heimturen, der vi sat oppe på lasset med varmt høy rundt oss og fekk halde i taumane, var meir som eit eventyr.

For oss gutane handla elles alt om ski. Vi gjekk langrenn, tråkka opp slalåmløyper og hoppa i bakken ovafor fjøset. På dagar med god fart og rett oppdrift kunne det bli svev på 15 meter og vel så det. Publikum var det lite av. Det gjaldt difor å vere klar på toppen når Myra-karane, Nils og Ola, henta posten. Dei hadde tid til å sjå eit hopp eller to. Med kyndige tilskuarar i bakken vart vi inspirerte til å legge ekstra mykje kraft i satsen.

Når femti – seksti år har gått, får minna uvilkårleg eit skjær av romantikk rundt seg. Det er lettast å gløyme det som ikkje var så bra, og det skal vi vere glade for. For sjølv om det på mange måtar var ei sorglaus tid, hadde folk sitt strev og sine bekymringar også da – på same måte som i dag.

Under desse fjella, ved inngangen til Kvenndalen, vaks seg opp. Eg ser for meg galleriet av fargerike og omsorgsfulle menneske, som kvar på sitt vis bidro til eit trygt miljø der det var plass til alle. Heile dagen var det folk å treffe i alle hus. Alltid var det nokon som passa på.

Gode minne er ein fin ballast å ha med seg. Ein søndag med vakker vebju gjer det lett å leite dei fram. Berre ein tek seg tid til å stoppe på.

Og ein ting til: Kor fint det er på Eidet! Det ser ein kanskje lettast når ein ikkje lenger bur der.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s