Professoren som skapte idrettshistorie

I det siste har eg kosa med meg med Alfred Fidjestøl sin biografi om fotballprofessoren Egil Olsen, «Mine kamper. Biografien om Drillo». Boka er ikkje berre ein historietime om eit av dei mest sensasjonelle kapitla i norsk idrettshistorie. Ho gjev også eit innblikk i eit levd liv utanfor A4-boksen. Drillo har all sin dag vore ein bohem.

Det er lærerikt å lese gode biografiar. Bøkene gjev spennande innfallsvinkar til historiske hendingar. Personar som vi har høyrt om, men likevel ikkje kjenner, trer fram i nytt lys. Slik er det med denne biografien også. Dei fleste fotballinteresserte kjenner til den ytre ramma rundt Drillos trenarliv. Men kva skjedde bak kulissane? Kva for tankar låg bak uttaka av lag? Korleis vart strategiane som utmanøvrerte det eine storlaget etter det andre til? Og kvifor vart Egil Olsen som han vart?

Med si ekstremt analytiske tilnærming til fotballen, skapte Drillo resultat som ingen annan norsk landslagstrenar har vore i nærleiken av. Han tok Norge til to VM. Drillo leia det norske landslaget til andreplass på FIFA-rankinga, og han vart kåra til verdas beste landslagstrenar. Det heile var eit eventyr.

Landslagstrenaren vart ein ekte folkehelt. «Hadde Norge vært republikk, er jeg ganske sikker på at marxist-leninisten Egil Roger Olsen kunne blitt valgt til president på 1990-tallet», skriv Sindre Hovdenakk i sin omtale av biografien i VG.

Tidleg utvikla Drillo ein fotballfilosofi som han var tru mot gjennom heile trenarkarrieren. Grunntanken er at resultatet er overordna alt anna. Drillo er allergisk mot pasningar som går på tvers eller bakover, og han har berre forakt til overs for jålete fotball som først og fremst har til formål å ta seg pent ut. Basert på det som i realiteten var rein forsking, m.a. tusenvis av videoanalyser og statistikk for nær sagt alt som kan skje ute på ein fotballbane, vart fotballen som gjorde landslaget i stand til å utrette det eine underet etter det andre skapt.

Drillo var ekspert på å dyrke fram spisskompetansen i kvar spelar. Ni av ti trenarar ville ha gjort den treige, men likevel svært så spenstige, Jostein Flo til spiss eller midtstoppar. Om han da i det heile hadde fått plass på landslaget. Egil Olsen plasserte stryningen som høgre ving! Der tok Flo imot sekstimeterspasningar frå Stig Inge Bjørnebye på venstre back, og omsette desse til nedfallsfrukt for ein framstormande hær av giftige midtbanespelarar. Det tok mange år før motstandarane klarte å finne mottrekk til den geniale Flo-pasninga..

Men alt har si tid, som det heiter. Etter kvart vart det politisk korrekt å kritisere Drillo-fotballen, og nye krefter fekk sleppe til. Norge skulle satse på «ballbesittelse» og vakker fotball. Åge Hareide og Per Mathias Høgmo var begge svært høge og mørke da dei gjekk inn i trenarjobben. Hareide snakka om «stolte øyeblikk», medan Høgmo trudde på deklamering av dikt og akademisk svada. Like før ein viktig kamp let han spelarane ein gong høyre på eit foredrag av Lars Monsen. Monsen skulle forklare laget at alt var mogleg. Med all respekt for Monsen og Høgmo, akkurat den bodskapen trengte ikkje Drillo hjelp til å prente inn i skolten på spelarane. Ein av dei som var med i glanstida fortalde ein gong i eit intervju, at etter den siste peptalken før kamp, trudde alle elleve at dei var i stand til å gå på vatnet.

Både Hareide og Høgmo mislukkast. For Høgmo, som ein gong for alle skulle fri oss frå gammaldags Drillo-fotball, gjekk det aller verst. I motsetnad til fotballprofessor Olsen, hadde verken Hareide eller Høgmo dei evnene som skulle til for å bygge ein strategi og sette den ut i livet i form av resultat. Det vart med dei flotte orda.

Drillo leia landslaget først i perioden 1990 – 1998, før han igjen tok over i åra 2009 – 2013. Begge gongane var han i utgangspunktet engasjert som vikar. Men både i 1990 og i 2009 kom resultata så å seie over natta. Fast tilsetting vart det einaste naturlege. Ein av sesongane i den andre perioden står framleis som den beste i norsk landslagshistorie. Eg var på Bislett 30. oktober 1990, da Drillo leia landslaget for første gong. Kamerun vart slått 6-1. Vi kunne allereie da ane at noko spesielt var i emning.

Avgangen i 2013 var ein skandale. Plutseleg fekk forbundet det så travelt med å hente inn Per Mathias Høgmo, at heidersmannen Egil Olsen i praksis fekk sparken. Handteringa av trenarskiftet frå fotballpresident Yngve Hallén og generalsekretær Kjetil Siem si side var så graverande, at den aldri ville ha overlevd i ein arbeidsrett. Men Drillo heldt kjeft, og spara dei to forbundstoppane for meir skam enn dei allereie hadde påført seg sjølve.

Ved sida av fotballen, gjev biografien lesaren eit fyldig innblikk i Drillo sin barndom og ungdom i arbeidarmiljøet på Østsia i Fredrikstad. Her la han han grunnlaget for spelar- og trenarkarrieren, og her utvikla han det politiske synet som gjer at han den dag i dag kallar seg kommunist. Den talentfulle driblefanten var også skuleflink, og viste tidleg at han hadde klisterhjerne. I dag kjenner vi alle til Drillo sine heilt ekstreme geografikunnskapar.

Alfred Fidjestøl sin biografi er ei bok om ein heilt spesiell mann, som alltid har gått sin eigne vegar. Sjølv om fotballen heilt sikkert har vore innbringande, har drivkrafta aldri vore pengar. Det illustrerer historia om da Drillo i 1999 sa nei til å bli trenar i Celtic, som låg langflate etter å få tak i nordmannen.

Femårskontrakten vær veldig nær ved å bli signert, men kona til Drillo ville ikkje til Skottland. Grunn: Bikkjene måtte i karantene. Dette tykte også ektemannen var ein aktverdig grunn til å seie nei, og slik vart det.

Og der forsvann 20 millionar kroner ut i lause lufta!

Ein kan sjå på biografien om Drillo som ei fotballbok. Men forteljinga kan like gjerne lesast som ei innføring i strategisk leiing. Som leiar var Drillo dønn trygg i praktisk tala alle sine avgjerder. Dette fordi dei var så sterkt fotballvitskapeleg fundert. Han visste at ideaene ville fungere, berre heile laget var lojale mot opplegget. Og det var dei jo. Resultata talar for seg – til evig tid.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s