Er glansen rundt VM like sterk som før?

Bjørn Wirkola vann to VM-gull i 1966.

Vi er inne i ein hektisk VM-periode. Alpinistane og skiskyttarane er ferdige med sine meisterskap. No står nordiske greiner for tur. I alpint vart det gjennomført 13 øvingar, og i skiskyting 12. Verdsmeisterskapen i nordiske greiner har est ut til 24 konkurransar.

Talet på meisterskapsøvingar har auka jamnt og trutt opp gjennom åra. Dette, kombinert med at meisterskapa blir arrangert hyppigare enn før, gjer at at dagens idrettsutøvarar har langt fleire sjansar til å vinne VM-gull enn dei som deltok for nokre tiår sidan. Skiskyting har alltid hatt VM kvart år. Nordiske greiner og alpint hadde fjerdekvart år til og med 1982. Frå 1985 vart det verdsmeisterskap annakvart år.

I VM i skiskyting var det fram til 1973 berre to øvingar, 20 km og stafett. Året etter vart sprint tatt inn på programmet. Kvinnene fekk sitt første VM i 1984. Da gjekk dei sprint, normal og stafett. I år var det altså 12 øvingar, fem for kvart kjønn og to blandastafettar. Ein skiskyttar som deltek i fem VM har no heile 35 sjansar til å vinne. Dei som gjekk på 60-talet kunne teoretisk vinne ti gonger i like mange meisterskap.

Ski-VM i Oslo i 1966 hadde ti konkurransar. I 1991 var talet kome opp i 15, og no i år altså 24. Langrenn er utvida med sprint. Kvinnene har kome med i hoppbakken, og frå i år kombinert. Når Halvor Egner Granerud og lagkameratane stiller til start i Oberstdorf, har dei fire gullsjansar. Til og med VM i 1958 var det eitt hopprenn. Frå 1962 vart det konkurrert i to bakkar, før lagkonkurransen kom til i 1982. I kombinert var det berre ein konkurranse til og med VM i Lahti i 1978. I 2021 får kombinertløparane på herresida prøve seg fire gonger. Inntil vidare må damene nøye seg med eitt renn. Men no er dei endeleg med!

I alpint vart det i VM i 1966 arrangert åtte renn. I 1991 var talet ti og i år, som nemnt, 13.

Eg er blant dei som tykkjer det er stas med desse meisterskapa. Stort sett ser eg alt – som eg har gjort i all min dag. Likevel streifar tanken meg: Har eksplosjonen i talet på øvingar og meisterskap tatt bort litt av glansen rundt medaljene? I skiskyting kan ein løpar no feile i fire renn, men likevel bli VM-dronning eller -konge. Det er framleis tre renn att å gjere det på. Og går det heilt ille, kjem det nye sjansar allereie neste år.

Det er ikkje slik at alt var betre før. Ingen ønsker seg vel tilbake til 1950, da VM på ski – den gongen berre for herrar – inneheldt fem konkurransar. Øvingane var 18 km, 50 km, stafett, hopp og kombinert. Nokså beskjedent, samanlikna med dagens VM, altså. Men du verden, dei som reiste heim frå Lake Placid med gullmedalje rundt halsen var ein ekskusiv gjeng!

Sjølv om dagens verdsmeistrar sjølvsagt er akkurat like verdige vinnarar som fortida sine heltar, ber alle desse gullmedaljene som no blir delt ut litt preg av å vere pølser i slaktetida. Det er så mange av dei, og dei kjem så tett. Enno kan eg dei fleste medaljevinnarane frå ski-VM i 1966 på rams. Spør nokon meg korleis det gjekk i Seefeld for to år sidan, blir eg svar skuldig.

Men tidene endrar seg. Folk er langt meir kravstore enn før – vi skal helst ha meir av alt, og dei som har betalt hundrevis av millionar for TV-rettane forlanger sitt. Det er eigentleg berre å henge seg på og følge med. For uansett: Ski-VM er tradisjon. Ski-VM er høgtid i heimen. Det kan ingen rokke ved. Straks brakar det laus i Oberstdorf.

2 kommentarer om “Er glansen rundt VM like sterk som før?

  1. Enig i mye her, Lars Steinar, men tror ikke kravstort publikum og TV-seere har skylden. Komersialiseringa av idretten og de internasjonale idrettsledernes umettende apetitt tror jeg spiller en større rolle. Når mesterskapene eser ut, økes også inntektene, spesielt for TV-rettighetene.
    Flere mesterskap, flere søkere, reiser, middager og mulighetene for ekstra ‘påskjønnelser’. Tilliten til systemet er dessverre ikke så stor lenger.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s