
Den nådelause framferda til mildveret den siste tida truar med å gjere dei som tenker seg til fjells i påska til fotturistar. Etter at Tælastuå vart koronastengt i påska i 2020, hadde eg sett fram til ei påskehøgtid og ein vår med fint skiføre i fjellet i år. Akkurat no ser det ikkje berre lyst ut. Rett nok har det kome litt snø det siste døgnet. Men regn og varmegrader er i vente, og da er vi like langt.
Det kan verke som om vi er på veg inn i ei tid der det normale er at alt er unormalt. Pandemien har sett oss på ein prøve som ingen i sin villaste fantasi kunne sjå for seg. Det har vore eit år med reglar for avstand mellom menneska og kor mange vi kan ha på besøk, hytteforbod, spriting av hender, heimekontor, heimeskule, digitale møte, stengte butikkar, stengte restaurantar, stengte landegrenser, eit nedstengt kulturliv, idrett for tomme tribunar, reglar for korleis ein skal hoste, forbod mot klemming og handhelsing – ja, lista er eigentleg endelaus. Det har vore mykje å ta innover seg. Og enno er det ikkje over.
Når koronaviruset ein dag er nedkjempa, får vi neppe tilbake akkurat det livet og dei vanane vi hadde før mars i fjor. I kjølvatnet av ein krevjande pandemi vil det også ligge mykje nyerverva lærdom. Vi må bu oss på å finne ein ny definisjon av kva som er normalt.
I godt vaksen alder har eg kome til at dei finaste månadene for skiturar i fjellet er mars, april og mai. For min del ser eg ikkje lenger sjarmen med tjue kuldegrader, grøn Swix, meterdjup laussnø, dobbel stillongs og nasedrope. Men gje meg Tæla på ein solblank maidag og fast skiføre. Da lever livet både i naturen og inni ein sjølv!

Denne etterjulsvinteren har eg drøymt om slike opplevingar som medisin mot brakkesjuke og koronaslitasje. Og lenge var da alt så lovande. Februar ga oss rikeleg med godver og skiføre. Til og med her ute i Bud kunne vi i fleire veker gå flotte turar i oppkøyrde løyper.

Men brått tok herlegdomen slutt. Mildver og regn, kombinert med mangel på tele og eit snølag som berre var pulver, gjorde at skiføret fekk bein å gå på. Ikkje berre i låglandet, men også høgt til fjells. Både på Nesøya og oppe i Sæterlia står det webkamera som peikar mot mitt skiterreng, Tæla og fjella omkring. Gardsbrona inne i Kvenndalen har vorte mørkare i leten for kvar dag, og frå Nordviksetra og langt oppover mot Fossafjellet er det særs dårleg med snø.
Nordviksetra er utgangspunktet for den årlege scootertransporten opp til hytta vår. Kvart år sidan 2009 har Gunnar Nordvik køyrd opp proviant og utstyr for oss. Det har vore år med marginale snøforhold før også, men alltid har Gunnar klart å kome seg opp.

Eg likar ikkje å vere pessimist. Men skjer det ikkje eit veromslag av dei heilt sjeldne, blir det neppe noko scooterkøyring i år. Utgangspunktet har aldri vore så dårleg. Eg håpar på eit mirakel, men har allereie begynt å førebu meg på at det blir å ta ryggsekken i bruk. Det skal gå det, også. Gjennom åra har eg bore mange tonn med proviant opp Kvennbøliene. Eg greier nokre til.
Nei, ingenting er normalt lenger. Når det gjeld vinter og ver, har tendensen vore klår gjennom ein god del år. Dei gammaldagse vintrane er borte. Forskarane seier at den nye normalen vil vere enda meir ustabilt ver, høgare temperatur, auka rasfare og færre snødagar. Statistikken viser at det i lågare strøk har vorte fem færre vinterdagar per tiår sidan midten av 1900-talet. Denne utviklinga vil, uansett kva som blir gjort, ikkje vere til å stoppe det neste tiåret. Skaden er uoppretteleg. Kva som så skjer, avheng av kor store mengder med klimagassar vi sender ut i atmosfæren.
I alt dette unormale som no er normalt, har eg også vorte pensjonist. Kvardagen er dramatisk annleis enn eit redaktørliv som til slutt dreide seg om å vere påskrudd døgnet rundt. Nettet sitt inntog var ein fascinerande prosess å vere med på, og eg er veldig stolt av det vi klarte å utrette i Aura Avis. Men kjøret som den digitale kvardagen har skapt, i store som små redaksjonar, er ikkje for folk over seksti.
Den nye normalen for meg er altså at eg no kan bestemme over eiga tid. Tilvenninga var ikkje gjort over natta. Framleis må eg titt og ofte vere streng med meg sjølv og seie: Du skal ikkje nokon stad. Du kan sitte heilt roleg og sjå ferdig dette TV-programmet. Du treng ikkje å ta ein gløtt innom nettavisa for å sjekke at alt er på stell som det siste du gjer før du legg deg.

Eg blir flinkare og flinkare til å høyre på meg sjølv for kvar dag som går. Dette blir bra. Snart har eg landa heilt. Kort oppsummert: Det er stas å vere pensjonist.
Så i denne min nye normaltilstand kjenner eg meg godt skodd til å handtere det meste, enten det no handlar om strenge koronaregler, lunefulle vergudar eller å bere blytunge sekkar opp bratte lier. Eg gjer Kari Bremnes sine ord til mine: «Jeg blir mer og mer opptatt av livet som det faktisk er, ikke som det skulle ha vært».