Kyststien: Havet, himmelen, lyset og vinden

Kyststien, med Bjørnsund i horisonten.

Eg går ut i vårmorgonen for å få litt mosjon og frisk luft. Det er ein høgst vanleg onsdag.  Skjønt, vanleg. Kva er ein vanleg dag for oss som bur her på svaberga heilt ut mot Hustadvika? Etter tre år som buaværing, har eg lært meg at her finst det eigentleg ikkje ein einaste vanleg dag. Ingen dagar er like. Havet, himmelen, lyset og vinden sørger for variasjon og eit alltid skiftande fargespel. Til og med styggveret er som oftast fint. Tenk å ha det slik!

Eg startar morgonrunden min nede på kyststien. Vinden riv godt i kroppen. Mellom kvite skumtoppar langt ute mot horisonten kan eg skimte ein båt. Som landkrabbe er eg glad for å ha fast grunn under føtene. Grov sjø er ikkje noko for meg. Det fekk eg erfare på ein tur over Hustadvika med Hurtigruten for mange år sidan…

Idyll i Vågen.

På mi vandring kjem eg etter kvart til Vågen. Da er det tid for å hente mobilen opp av lomma igjen. Ein del motiv her i Bud er slik at du aldri brukar dei opp. Du kan knipse og knipse. Ingen bilde blir like. Havet, himmelen, lyset og vinden. Det er som med dagane. Variasjonen er uendeleg.

Kyststien i Bud, og dei andre kyststiane i Hustadvika kommune, er fantastiske folkehelsetiltak. Akkurat denne morgonen er eg åleine på stien. Men når det lir litt lenger ut på dagen, er det alltid folk her. Utan ein tilrettelagt kyststi i spekaktulær natur, ville mange av desse aldri ha kome seg ut av godstolen. Det er eg sikker på.

Lett å bli fascinert for ein landkrabbe.

Etter å ha gjort meg ferdig med fotograferinga, tek eg fatt på Bergavegen og set eg kursen heiomver. Eg ser på klokka, og konstaterer at heile ekspedisjonen kjem til å ta bortimot tre kvarter. Det er bra. I kveld vil det vanke skryt frå appen på min Apple Watch, om eg greier å røre meg litt også resten av dagen. Apple Watch er ei genial oppfinning. Klokka gjev meg ros og dårleg samvit – alt etter kor flink eg er til å mosjonere.

Eg har bestemt meg for å trimme litt meir. Ein gammal kropp treng både vedlikehald og tilsyn. Vi som bur i Bud er privilegerte. Kvar trimtur, uansett ver, er på sitt vis ei naturoppleving. Det er berre å kome seg ut.

Sjarmerande hus på rekke og rad i Bergavegen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s