Kvite vidder i april

Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg.

Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men til gjengjeld bidrar nattefrosten til å halde skiføret ved like.

Da eg ut på formiddagen tok skiene fatt, kunne eg gli innover Tæla på hard skare – som til overmål var pynta med to millimeter puddersnø på toppen. Lykke. Livskvalitet. Naturoppleving. Skiglede.

Det er i slike stunder ein kjenner seg privilegert. Eg la ikkje opp til verdas lengste tur i dag. Det var nok å kome ut i dette terrenget, som eg er så knytta til. Sjå på fjella. Lytte til stillheita. Føle at livet lever. Av og til er det nok.

På returen trefte eg John Arve, som er ein flittig brukar av naturen her. Han hadde vore på Fossafjellet. Vi fekk ein triveleg kaffeprat på hytteverandaen, før John Arve sette kursen ned liene.

I hytta vart det middag og avslapping, etter dei store dosene med sol og skarp vårluft. Eit ukomplisert liv. Slik det alltid er her på Tæla.

Ein flott dag går over til kveld.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s