8. mai fortener raud farge i kalenderen

17. mai gløymer dei færraste å heise flagget. Da er det verre med 8. mai. Nakne flaggstenger på denne dagen er dessverre eit vanleg syn. Det er synd. 8. mai minner oss om hendingar som vart heilt avgjerande for at vi i dag kan leve i fridom og velferd. Tyskarane tok frå oss landet 9. april 1940. 8. mai 1945 fekk vi det tilbake.

Få nordmenn forstod at dei skulle vakne opp til eit okkupert land da dei la seg om kvelden 8. april 1940. Rett nok hadde det rast en krig ute i Europa sidan hausten 1939, men hos norske styresmakter ringte ikkje alarmklokkene – før det var for seint. Da dagslyset sakte seig inn over landet 9. april, var katastrofen eit faktum.

Det skulle bli fem års kamp mot okkupasjonsmakta. Kampen vart krona med seier 8. mai 1945. Gjennom krigsåra vart det utført heltedådar som ligg utanfor vår forstand. Filmar som «Ni liv» og «Max Manus», samt TV-serien om tungtvannaksjonen, gjev oss kunnskap om det som hendte. Talrike beretningar i bokform fortel om menneske som var villige til å ta ufattelege sjanser i kampen mot nazistane. Mange av dei måtte bøte med livet. Norge mista 10.262 mennesker under 2. verdenskrig. 3.800 liv gjekk tapt i den norske handelsflåten. I kampane i april og mai 1940 ga 853 nordmenn livet sitt. Av 2.100 jøder i Norge døydde 760 i løpet av krigen.

Fred og fridom er noko vi ikkje har fått utdelt for alltid. På ein 8. mai kan det vere verdt å reflektere over at 76 år etter fredsvåren bles det atter brunskimra og nasjonalistiske vindar over Europa – Norge inkludert. Vi må passe på. Ikkje berre i høve til alt grumset som flyt i kommentarfelta, men like mykje når det kjem til den fint innpakka nasjonalismen som i dag har gode kår innafor fleire av våre politiske parti.

Under presidentvalet i Frankrike neste år kjem høgrepopulisten Marine Le Pen på ny til å utfordre Emmanuel Macron. Ved valet i 2017 fekk ho meir enn ti millionar stemmer. Marine Le Pen har politiske brør og søstre på frammarsj i fleire andre europeiske land. Deira politiske agenda er å fremje hat, rasisme og destabilitet. Strukturar og fellesskap som sikrar ein trygg samfunnsorden skal rivast ned. Slik blir det lettare å skaffe seg makt. Det er lett å sjå likskapen med dei ideologiske og politiske straumane som utløyste 2. verdskrig.

Eg meiner vi burde ha gitt 8. mai ein langt høgare status. Dagen er offentleg flaggdag. Den hadde fortent raud farge i kalenderen også. Og ein ting til: Når vi no straks skal feire 17. mai til minne om Grunnloven, kan det være verdt å tenke over at utan seieren over nazi-Tyskland, hadde det vore dårleg med fest og feiring denne dagen. 17. mai ville ha vore ein heilt vanleg kvardag  – i eit land under tysk herredømme.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s