Ja, vi saknar Platanias

Platanias er eit sjarmerande kaos.

Eg klikkar meg inn på Facebook, og der dukkar minne frå mai 2016 og 2017 opp.  I 2016 var vi i Lisboa i desse dagar og året etter i vårt kjære Platanias på Kreta.

Det har vore dårleg med reising det siste året. Det å få dra til utlandet er ingen menneskerett, og vi greier oss godt på heimebane. Det er ikkje det. Men likevel: Eg og min beste halvdel saknar å kome til andre himmelstrøk, møte andre kulturar, ete framand mat, berike livet med nye opplevingar og lære litt meir om korleis folk har det rundt om på denne kloden.

Vi håpar på tur til Kreta når det lir ut i september. Da skal begge to etter planen vere vaksinerte. Men samtidig som håpet lever, må ein også vere realist. Pandemien er ikkje over. Det har kome tilbakeslag før, og det kan skje igjen. Men ein gong må vel dette vere over? Eg håpar at vaksinen no vinn over viruset, slik at vi i løpet av hausten får sjå att våre gode vener i Platanias.

Kveld i Platanias.

I 2017 reiste vi altså til Platanias på våren. Kveldstemperaturen var ikkje den same som i august/september, men elles var jo dette ferieparadiset, med alt sitt sjarmerande kaos, like trivelege å kome til som alltid. Ja, vi saknar Platanias. Året er liksom ikkje heilt på plass før vi har vore ein tur til Kreta.

Turen i 2016 var det første møtet vårt med Lisboa. På veg heim var si samde om at hit vil vi i igjen. Portugal sin hovudstad er ein svært sympatisk by med mange spennande og lærerike attraksjonar.

Les også:

Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Nummer 40

Late dagar, ei øy og ein slåttekar

Møte med ei eldgammal kjempe

Et glimt av levd liv

Galleri: Bli med til Kreta

I 2017 budde vi på Costas & Christina. Ein triveleg plass, nær sjøen og kort veg opp til det yrande folkelivet.
Kreta er ei frodig øy med rundt 35 millionar oliventre.
Det eldste oliventreet på Kreta ligg i landsbyen Ano Vouves. Oliventreet er rekna å vere 3000-5000 år og kan derfor også vere det eldste oliventreet i verda.
Våre gode vener på ManoEra, Joanna og Manolis, med Mette i midta.
ManoEra er vårt faste haldepunkt når vi oppheld oss i Platanias.
Ein tur eller to til Chania høyrer alltid med til Kreta-turen.
Mykje vakkert å sjå i Chania.
Ut på biltur for å oppleve landsbygda.
Utanfor turiststadene ligg ei mengd med idylliske landsbyar. Her lever folk livet sakte.
Mythos er vår favorittrestuarant i Platanias. På bildet er Mette flankert av kelneren over alle kelnerar, Aleks (t.v.), og Antonis, som er sjef for restauranten.
Strikking kan ein drive med overalt.
Det gode liv på ManoEra.

Galleri: Bli med til Lisboa

Ikkje berre bilar i Lisboa. Trikken er eit viktig framkostmiddel.
Byen har fleire store katedralar. Det gjer inntrykk å kome inn i desse kyrkjeromma.
I den gamle bydelen Alfama får ein inntrykk av at tida har stått stille i hundrevis av år.
Kreativ utsmykking i Alfama.
Ingen tur til Lisboa utan ein Fado-konsert. Fado er ei form for portugisisk folkemusikk.
Trikkeføraren må manøvrere i tronge gater.
Festninga Castelo de São Jorge, som tronar over byen, er frå 1100-talet.
Utsikt frå Castelo de São Jorge.
Lisboa er ein veldig vakker by.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s