
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet.
Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste.
Eg ruslar ein tur langs elva og tek stemninga inn over meg. Det slår meg at melodien i søget er den same år etter år. Til alle tider har folk gått i traktene her og høyrt musikken slik eg høyrer han på mi vandring. Berre tonearten endrar seg. Den er det ver og vind som styrer.
Den vesle fjellelva gjev Tæla liv og identitet. Her hentar vi vatn til hytta. I Fossåa kan vi bade, og langs desse breddene går vi turar. Livskvalitet. Greit og enkelt.
Fjellet byr på fine opplevingar på denne tida av året, svært presist skildra av Kleivakongen Hans hans Hyldbakk på denne måten: «De søng så tongt kring alle dalasiå, å synnåvinn han kjem å gjer me sel
Det kveldast. Sola ser at målstreken bak Haugastrengen nærmar seg. No skal eg nyte dei siste timane av dagen. Sommarsesongen på Tæla er i gang.