Godt å leve for ein einfaldig eremitt

Høgsommar på Tæla.

Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne.

På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur i området innafor hytta. Den vesle ekspedisjonen vart avslutta med eit bad i Fossåa. Litt lunsjmat og ein boks med god drikke toppa opplevinga. Eg sat lenge og let tankane flyge, til akkompagnement av Fossåa sin evige song.

Tæla er grøn og frodig no. Dirrande høgsommar. Nokre sauer godgjer seg med friskt fjellgras innafor lina. Dei lever eit sorglaust liv, uvitande om kva som kan vere i vente til hausten. Sauene tenker ikkje så langt fram i tid og er lite strategiske. Trur eg. Dei grip stunda, og tek ingen sorger på forskot. Her har vi tobeinte mykje å lære av sauene.

Sjølv har eg tenkt å gripe kvelden. Eg riggar meg til i solveggen, utstyrt med radio, kryssord og verdas finaste utsikt. Enno har sola langt att til Haugastrengen. Den svale kveldsbrisen held knotten unna. Det er godt å vere ein einfaldig eremitt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s