Ei stund tidlegare i sommar fatta vi håp om at, ja, kanskje så kunne det bli ein Kreta-tur til hausten. Håpet varte ikkje lenge. Plutseleg skifta Kreta farge igjen. Seinare har smittesituasjonen i mange land forverra seg. Alt er på nytt usikkert. Turen til Kreta er avlyst for godt også i år.

For meg og Mette er det ikkje aktuelt å ta sjansar. Avgjerda om å droppe sydenturen var enkel. No er vi begge straks pensjonistar. Vi har hytte på fjellet, og trivst veldig godt i lag i den flotte naturen her ute på Romsdalskysten. Livet smiler. Null problem. Det er ikkje slik at livet står og fell med ein utanlandstur.
Det er sjølvsagt ingen menneskerett å kome seg til Kreta. Ja, når alt kjem til alt, treng ein ikkje å reise nokon stad – nokon gong. Livet går sin skeive gang likevel. Tak over hovudet, mat på bordet og nokre kroner å leve for er det som skal til for å greie seg gjennom dette jordiske livet. Det er i det heile tatt ikkje måte på kva ein kan klare seg utan, berre ein går inn for saka. Mesteparten av det vi brukar tid og pengar på er jo strengt tatt heilt unyttig. Spørsmålet blir til slutt kva ein vil bruke livet til.
Både eg og Mette likar å reise. Det er ikkje til å legge skjul på. Å kome seg ut av den vante tralten gjev luft under vengane, både reint bokstaveleg og mentalt. Å reise til framande stader, enten det er innanlands eller i utlandet, handlar ikkje berre om fornøyelse. Gjennom slike turar får ein, kunnskap, innsikt og utsikt. Vi opplever dette som ein stor verdi.
Det er lett å sitte på si eiga tue og gjere seg opp meiningar om ting ein veit lite om. Å flytte litt på seg er motvekt mot slike tendensar. Eg tenker på til dømes mat. Alt er vel og bra med norsk, kortreist mat. Men ein stryk heller ikkje med av mat frå framande land, slik ein del nordmenn let til å tru. Utlendingar er like reinslege som vi, og kokkekunstene trur eg er nokolunde likt fordelt over heile verda.
Eg har ete meg mett i meir enn tjue land fordelt på tre kontinent. Ikkje på ein einaste utanlandstur har magen slått seg vrang. Noko av den beste maten eg har fått servert i utlandet, åt eg på ein særs enkel strandrestaurant på sørvestkysten av Mexico. Det norske Matilsynet ville nok ha brukt mindre enn eitt minutt på å stenge heile etablissementet…
Vi saknar Kreta. Late dagar på stranda, bilturar rundt om i fjellandsbyane, folkelivet, gjengen på Mythos restaurant, dei gode samtalane med Manolis og den fine familien hans – det er så mykje vi skulle ha opplevd igjen.
Så: Neste år må vel pandemien vere over? Det sa vi i fjor sommar, også. Men da var ingen i heile verda vaksinert. Vi lever i håpet, samtidig som vi så godt som mogleg passar på å fylle dagane med glede og meining innafor dei rammevilkåra som pandemireglane gjev,
I morgon blir det ein snartur til fjells.