22. juli: «Det har vel ikkje gått heilt som vi håpa. Rasismen har gode kår og hatretorikken blomstrar som aldri før»

22. juli 2011. Ein ubegripeleg dag. Etterfølgd av ei absurd tid. Ein enkelt galning snudde opp ned på landet vårt, og skapte sår som aldri vil gro heilt.

Nokså nøyaktig eitt år etter terroren på Utøya køyrde vi nordvover langs Tyrifjorden. På fastlandet rett innafor Utøva vart vi påmint om tragedien 22. juli 2011.

Eg hadde ferie og var på fjellet heilt for meg sjølv. Denne fredagen skulle eg på besøk til ei hytte ikkje så langt unna. Ut på ettermiddagen gjekk eg først ned til bygda for å utføre nokre ærend.

Da eg slo på radioen i bilen, høyrde eg meldingane om ein bombeeksplosjon i Oslo. Med det same reagerte eg ikkje spesielt sterkt. Bombe i Oslo? Det verka heilt fjernt. Etter kvart vart meldingane meir og meir konkrete, og det gjekk opp for meg at hovudstaden var ramma av terror.

Det som skjedde vidare utover kvelden sit spikra i minnet. Vi var fem vener samla på ei hytte i Kvenndalen. TV-apparatet stod på mykje av tida, og vi fekk med oss det som skjedde på Utøya. Eg er litt usikker på om vi der og da heilt klarte å ta inn over oss kva som hadde skjedd. Alt var så sterkt og uverkeleg. Men vi forstod at dagen, på sitt tragiske vis, hadde vorte historisk.

Ut på laurdagen gjekk eg tilbake til hytta oppe på Kvennbøtæla, der eg heldt fram med å feriere som eremitt. På radioen var det sørgemusikk i alle kanalar. Dag etter dag. Eg pusla med maling av vindu, ikkje anna enn eg hugsar. Det var ei rar stemning, og eg fekk god til å tenke og reflektere.

Alle har si 22. juli-historie. Mi er verken dramatisk eller spesielt interessant. Men ho er no slik ho er. Eg vil aldri gløyme desse timane.

Og det er jo nettopp gløyme vi ikkje skal. Våre eigne historier er det kanskje ikkje så farleg med. Men minnet om vondskapen og hatet som låg bak terroren må haldast levande. Greier vi ikkje det, aukar risikoen for at historia skal gjenta seg.

I dagane etter 22. juli 2011 var Norge eit folk i sorg, samla bak djerve mål om å skape meir kjærleik og å nedkjempe hatet. Det har vel ikkje gått heilt som vi håpa. Rasismen har gode kår og hatretorikken blomstrar som aldri før. Kommentarfelta på nettet, som ideelt sett skal vere ein garanti for ytringsfridom og ein ventil der alle kan få kome til orde i den offentlege debatten, har i stor grad vorte verbale søpppelplassar.

Eit skummelt resultat av dette er at folk kvier seg for å engasjere seg. Unge menneske forlet politikken fordi dei ikkje orkar å utsette seg for hets og sjikane på nettet. Vi får likegyldigheit – dei destruktive kreftene sin beste ven.

Eg har inga god oppskrift på korleis svineriet skal nedkjempast. Men i denne samanhengen, som i dei i fleste andre, handlar det i alle fall om at kvar enkelt begynner med seg sjølv. Det er ikkje uvesentleg korleis vi som privatpersonar ordlegg oss offentleg og privat, og kva for sjargongar vi held oss med. Tvert om. Enda viktigare er det sjølvsagt korleis personar med makt, dei som styrer landet, opptrer. Det finst definitivt stortingspolitikarar som burde gå i seg sjølv.

Ei trist erkjenning på 22. juli 2021 er at dei kreftene som dyrkar hat, rasisme og nasjonalisme – til saman ein livsfarleg miks – er meir synlege i det norske samfunnet i dag enn for ti år sidan. Både hatet, rasismen og nasjonalismen har fleire ansikt. Nokre gonger er bodskapen så pent innpakka at vi ikkje fullt ut tenker over kva som blir sagt og gjort. Gifta opptrer til og med bak ein fasade av dress og slips.

Det trengst at vi alle er på vakt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s