Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar

Mitt første prospektkort. Motivet er Dombås. Snusfornuftig som eg var, prøvde eg å finne eit kort som ga god oversikt. Det var jo uvisst når ein kunne få sjå att ein plass som låg så langt unna.

Ferietur. I oppveksten var ordet nesten omgjeve av ein slags eksotisk mystikk. Den årlege bilturen med to-tre overnattingar var noko vi gledde oss grenselaust til.

Eg hugsar kvar ein tur, men særleg godt den første, som må ha vore i 1965. Ruta var Kvennbø – Hamar – Kvennbø. Sørover køyrde vi over Dovre og gjennom Gudbrandsdalen, medan returen gjekk om Østerdalen. Overnattingane skjedde i campinghytter på Dombås og Hamar.

Denne ferieturen er heilt sikkert noko av det største eg har opplevd. Alt var nytt. For første gong fekk eg sjå Sunndalsøra, som eg seinare skullle bli svært så godt kjent med. Der provianterte vi. Det var rast ved elva oppe i Drivdalen, etter ein stopp på Oppdal. Dovrefjell var eit spennande eventyr, og det same var overnattinga på Dombås. Tenk å overnatte så ufatteleg langt heimanfrå! Møtet med asfalt og oljegrus, som enno ikkje fanst i Surnadal, gjorde også inntrykk. Plutseleg sat vi i ein heilt annan bil.

Turen nedover Gudbrandsdalen står framleis klårt for meg. Dovre, Otta, Vinstra, Ringebu, Fåvang, Tretten, Lillehammer og mange fleire – nye stader dukka opp på løpande band. Og så det å få sjå Mjøsa da, Norges største innsjø.

Etter overnattinga på Hamar sette vi kursen heimover. Østerdalen var vel da som no ikkje verdas mest spennande vegstrekning. Men for ein familie på fem i ein blå Ford Anglia var dette nytt og uutforska land. Rena. Koppang. Vi hadde vel høyrt namna. Men no kunne vi altså gå ut av bilen og sjå oss om på desse fjerntliggande plassane.

Ja, det var store opplevingar i ei heilt anna tid. Ein illustrasjon er prisen for ei overnatting i campinghytte. Den låg på denne tida rundt 20-25 kroner. Far min køyrde alltid til han fann ei hytte til 20 kroner. 25 kroner var unødig dyrt. Så høyrer det med til historia at han også ein gong betalte meir enn vertskapet forlangte. Vi overnatta på ei seter mellom Hjerkinn og Dombås. Kvinna som leigde ut rommet, der sengeklede var inkludert, ville ha 15 kroner. Ho fekk 20. Seterskjelet står der enno. Denne episoden kjem for meg kvar gong eg fer forbi.

Hotell var utenkeleg, og det same var middag på restaurant eller eit kafebesøk. All tørrmat vart kjøpt på butikk. Middagane koka eller steikte mor mi på ein raudspritprimus med eitt bluss. Vi hadde med eit lite blått plastspann som vart bruka til å hente vatn i bekkar nær vegen.

Alt dette var luksus og eventyr. Eg hugsar eit tomatsuppemåltid i vasskanten ved Mjøsa. Foreldra mine meinte eg måtte hugse å fortelje lærarinna mi at eg hadde ete middag attmed Mjøsa. Noko slikt var det ikkje alle som hadde opplevd. I dag kan vi seie at verda ikkje var så stor i 1965. Men den same vesle verda ga oss kjære minne for livet.

Ferieturane måtte tilpassast slåttonna. Det var ikkje alltid så enkelt. Frå hesjinga starta til høyet var i hus gjekk det minst tre veker. Men ferieturen hadde også høg prioritet. På eitt eller anna vis vart det kvart år tid til nokre dagar i framande strøk.

Opplevingane i barndommen er nok medverkande til at eg gjennom heile livet har likt å dra på biltur. Heldigvis er eg gift med ei som har same interessa. Ho har den same ballasten som eg, og minnest barndommens teltturar med ein liten Opel Kadett og fire søsken i baksetet.

Fossheim Hotell i Lom er vel verdt eit besøk. Her er det husrom, hjarterom og veldig god mat.

I år vart det ein runde til Sogn. På turen låg vi første natta i Lom, der også familien Ansnes var innom på sin ferietur i 1966. Den gongen fortsette vi til Stryn, medan Mette og eg tok vegen over Sognefjellet.

Under opphaldet i Lom tenkte eg mykje på turen for 55 år sidan. Kor heldige vi var som hadde foreldre som kunne gje oss slike opplevingar. Vi hadde ikkje fotoapparat på den tida. Turane var dokumenterte ved kjøp av suvenir og prospektkort. Eg har fleire frå Lom.

Lom er ei triveleg fjellbygd. Stavkyrkja, som er ei av dei største i landet, vart bygd rundt 1158.

Mykje er forandra i denne vakre fjellbygda sidan midten av 60-talet. Men sjarmen og særpreget er framleis intakt. Eg og Mette budde ikkje i campinghytte på ti kvadrat, og vi hadde ikkje med primus. Overnattinga skjedde på Fossheim Hotell, der vi kosta på oss ein betre middag i restauranten. Det heile er så uverkeleg fjernt frå det som for meir enn femti år sidan var sett på som luksus.

Vi overnatta tre netter på hotell på turen vår i år, og hadde i det heile ei veldig fin reise. Men gleda og den sitrande spenninga som eg enno kan hugse frå turane i barndommen, let seg ikkje gjenskape. Ein middag med seks rettar på Fossheim Hotell, som meisterkokken Arne Brimi i si tid gjorde kjent, er ei oppleving. Men likevel: Berre nesten på høgde med ein papptallerken med tomatsuppe ved Mjøsa.

Seks rettar på Fossheim. Eit uforgløymeleg måltid. Dette er hjortetunge på skive av selleri med rosiner, tyttebær og nøtter. Betre forrett har eg aldri smakt. (Foto: Mette).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s