Innedag

Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta.

Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. Vi held trass alt til på Nordvestlandet.

Innedag er eit ord som kanskje høyrest litt barnsleg ut. Det var jo noko vi av og til måtte ty til i oppveksten. Men eg og Mette tykkjer ikkje det er det minste barnsleg. Når ein trivst i lag, og i tillegg kan spe på med med radio, bøker og brettspel, blir dagar som dette reine mentalhygienen for to pensjonistar.

Det gode liv i fjellet handlar litt om veret. Men det er langt frå avgjerande. For oss to har det alltid vore viktig å ta veret som det kjem, og gjere det beste ut av alle dagar på hytta. Vi har aldri vore inne på tanken om å reise heim på grunn av ei dårleg vermelding eller nokre regnelingar.

Settlers er ein slager i Tælastuå.

Borte i Fossafjellet går rundt førti sauer og beiter. Lukkeleg uvitande er dei om den triste lagnaden som etter kvart skal ramme nokre av dei. Men slik må det vere. Sauene har hatt ein flott sommar. Før dei no blir til god mat, har dei gjort sin innsats for å halde kulturlandskapet her oppe vedlike.

Klangen av sauebjøller, regn, skodde og eit landskap med forsiktige innslag av haustfarger. Det er berre vakkert.

Innedag.

Litt lang avstand for eit mobilkamera, men her er i alle fall tre trivelege sauer.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s