
Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar.
Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og ned Kvennbøliene vore som vanleg – og vel så det. Det har vorte mange dagar på hytta. For eigen del ser det ut til at eg også i år endar med rundt seksti dagar – altså to månader – på Tæla.

Men før sesongen vert runda av, skal vi nyte hausten. No er vi begge pensjonistar. Det gjev ein heilt annan fleksibilitet enn før. Sjølv har eg smaka på fridomen i snart eit år. I haust kom Mette etter. Vi har store forventningar til den nye kvardagen.
Bilda som er knytta til denne epistelen er tekne i løpet av dagane 14. – 17. september. Vi var tre på hyttetur. Store delar av tida var veret rett så fint. Tæla tek på seg haustkåpa no. Om vergudane legg godsida til, er dei vekene vi er inne i ubeskriveleg vakre i fjellet.

På turen vår dreiv vi med vedarbeid. Vi var ute på tur, og – ikkje minst- det vart seine kveldar med kort- og brettspel. I finveret kosta vi også på oss ein spekematlunsj med høveleg drikke inne ved Fossåa. Livskvalitet heiter dette.

Det er noko vemodig vakkert med hausten på Tæla. Det kviler ein eigen ro over landskapet. Songen frå Fossåa skiftar til moll. Dagane blir kortare. Lauvet gulnar og fell til marka. Graset på stølen skiftar til kvit farge. Alt dette som for berre kort tid sidan var levande, friskt og grønt, mistar livskrafta si. Slik er naturens gang.

Så kjem vinteren med sine heimlege syslar, før vårsola etter kvart lokkar oss til fjells igjen. Ei påske ventar, før dei ubetalelege skiturane utover våren. Og som Hans Hyldbakk skriv i diktet «Vårsøg»: «Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå». Ein fin syklus, Det er alltid noko å glede seg til.




👍👍
Slik skriv ein fjellmann i Bud!
LikerLikt av 1 person
Lett å skrive om slik natur!
LikerLiker