
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og med heilage ritual har koronaen klart å skiple.
Vi får trøyste oss med at hausten er så mykje meir enn ein fotballkamp. Hausten er også flotte fargar, og ein natur som ønskjer deg velkomen ut på tur på ein heilt spesiell måte. «Jeg er så glad for at jeg lever i en verden der det fins oktober», er eit sitat frå den kanadiske forfattaren Lucy Maud Montgomery. Det er ord eg kan slutte meg til.

Mange diktarar har prisa våren, da nytt liv av daude gror. Men det er også sagt mykje fint om hausten, og det paradoksale som ligg i at naturen skapar slikt eit fargespel på vegen mot dvalen. Ordkunstnaren Sigbjørn Obstfelder uttrykte seg slik om dette: «Jeg tror at naturen har sitt deiligste liv, når den blekner. Intet dør så vakkert som blader. I de varmeste, vakreste farger jorden eier, kler de seg». Vakkert sagt, av ein lyrikar som ikkje rakk å bli meir enn 33 år gammal.
Noko av det som for meg alltid har verka tiltrekkande med hausten, er at alt fell til ro. Vår og sommar er sjølvsagt bra. Men vi kavar ofte for mykje i den lyse årstida, tykkjer eg. Alt skal skje på ein gong, og vi er så fulle av planar som aldri blir realiserte. Hausten set menneska i ein annan modus. Kortare dagar og mørke kveldar tvingar oss til å sette ned tempoet. Det gjer godt for både kropp og sinn.

Når kalenderen no fortel at oktober er godt i gang, betyr det at hyttesesongen på Tæla straks er over. Om nokre dagar skal eg opp for å gjere alt klart for vinteren.
Vi har hatt utruleg mykje fint ver på Tæla i år. Dei flotte minna tek vi med oss inn i den mørke tida som ventar. Det er ein fin ballast. Samtidig ligg forventninga om ein ny sesong der. Om berre ti veker snur sola. Plutseleg skin vårsola atter over tæl og topp.
Og så kan vi jo gle oss til cupfinalen, som kjem om eit drygt halvår. Ikkje sant, Arne Scheie?
