Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!

Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla!

Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår med opptrening, oppturar og nedturar.

Gunnar og benken på Skarvan.
Da eg kom opp til påske hadde Gunnar vore der med ei vedforsyning. Vi hogg ein del ved på Tæla, men det er greit å ha litt ekstra i reserve.

Den første turen i år skjedde for mitt vedkomande 4. mars. Eg sat på med scooterkøyrar Gunnar frå Nordviksetra. På stødig og sedvanleg vis frakta han proviant og utstyr opp til ein ny sesong. På heimturen tok vi ein avstikkar til Skarvan, der Gunnar hadde montert ein flott kvilebenk. Den besøkte eg også seinare ut på våren.

Påskehelga vart noko amputert i år, da den kom for tidleg på Mette. Eg gjekk opp åleine langfredag, med planer om å vere på hytta til 2. påskedag. Utover påskelaurdag blåste det opp, og meteorologen fortalde at det skulle bli enda verre mot kvelden 1. påskedag og natt til 2. påskedag. Eg bestemte meg derfor for å bryte opp påskedagen.

Å vere ei natt til hadde vore triveleg. Vanlegvis er ikkje spesielt oppteken av veret. Men likevel: Fornuften sa meg at det var lita meining i at ein etter kvart godt vaksen mann skulle sitte åleine på fjellet i mørke, tett snøfokk og storm. Ja, for om noko skulle skje, og et fekk behov for hjelp… Eg held visst på å bli eit forstandig menneske.

Det vart nokre flotte vårskiturar i år også.
Første kvelden saman på Tæla i år. Menyen var sjølvsagt spekemat avec.
Ein makalaust fin kveld tidleg i juli saman med Bjarne i Telheim.

Det vart fleire skiturar utover våren. Sommaren vart rett så fin. Spesielt nokre dagar i starten av juli var varme. Eg budde nesten nede ved Fossåa. 3. juli hadde eg og Bjarne eit lite kalas i Telheim. Det vart ein kveld i alle fall eg levde lenge på.

Badeliv og avkjøling ved Fossåa.

Frå 1. september var vi pensjonistar, og hausten baud på mange gode dagar. Vi måla, sysla med vedarbeid og rydda mykje kratt. Eg og Mette har bestemt for oss å vinne kampen mot attgroinga på stølen. Men det krev ein del arbeid. Eg er spent på kva som møter dei som kjem opp på Tæla om tretti år. Forhåpentleg finst det framleis nokon som ser glede i å ta vare på stølen. Men for turfolk som vil gå vidare innover, er eg redd det blir å tråkle seg fram i kratt og småskog. Vi ser tendensane allereie.

Marit bestilte Tæla-tur også i år. Ho kunne ikkje ha vore meir heldig med veret.
Ein evig kamp mot attgroinga…
Veden vermer mange gongar oppe på Tæla.
Besøk av Jorunn i september. Lunsj ved Fosså blir aldri feil.

18. oktober var eg oppe på Tæla for å gjere hytta klar til vinteren. Rapportar frå Bjarne fortalde om snø på Tæla. Det var likevel meir enn eg trudde. Nysnøen nådde meg til knea da eg kom fram til hytta. Eg fekk gjort det eg skulle, men det var ein tung tur.

No får Tælastuå greie seg sjølv i nokre månadar. Vi takkar for den flotte hytteseongen vi fekk, og gler oss til å ta fatt på liene opp til våre kjære Tæla igjen når vårsola tek til å varme.

18. oktober. Sesongavslutning og mykje snø.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s