2021 sett gjennom mobilkameraet

Vi nordmenn tok i 2020 i snitt 1.800 bilde med mobilen. Dette utgjer 60 prosent av det totale talet på bilde som vart tatt her i landet i løpet av året. Mobilen er med andre ord det fotoapparatet vi nordmenn brukar mest.

Sjølv meiner at eg nyttar telefonen til å ta bilde både titt og ofte. Men når eg sjekkar bildebiblioteket på telefonen, ser eg at eg er blant dei som dreg snittet ned. Kraftig ned, til og med. Det må vere ein del folk som tek noko aldeles uhorveleg med bilde!

Som relativt ivrig fotograf, trivst eg aller best med speilreflekskameraet. Men alt til si tid og sitt bruk. Telefonen er uslåeleg som verktøy til å fange situasjonar og stemningar der og da. Mobilkameraet gjer det mogleg å dokumentere store og små hendingar i livet på ein måte som for berre få år sidan ikkje fanst. I det ligg ein stor verdi – vel å merke så lenge bilda blir lagra og tatt vare på. Eg har dessverre ein mistanke om at mange går rundt med tusenvis av bilde på telefonen, utan at dei er sikkerheitkopierte.

Dette blogginnlegget er bygd rundt 24 mobilbilde frå 2021, to pr. månad. Bilda er langt frå nokon kavalkade over dei viktigaste hendingane i livet mitt i fjor. Ein del av det som sit att som ekstra gode minne er med. Så finst det i tillegg motiv som i ettertid kan verke uvesentlege. Men i det det øyeblikket dei vart til, utløyst av ei stemning eller ein impuls, betydde også desse noko. Det er poenget.

12. januar

Tida med Ole Gunnar Solskjær som manager vart ein berg- og dalbane for oss United-tilhengarar. Så må det leggast til: Slik heile perioden etter Alex Ferguson har vore.

Det var likevel artige år. I januar 2021 var situasjonen ekstra lys. United toppa tabellen med tre poeng ned til Liverpool. Til slutt vart det andreplass bak Manchester City, fem poeng framfor Liverpool.

Fotballen er nådelaus. Etter ein tøff downperiode hausten 2021, måtte Solskjær gå av som manager. Om ikkje alt gjekk som planlagt, står det likevel stor respekt av det han oppnådde i tida som United-manager. Med unntak av at det ikkje vart nokon tittel, gjorde Solskjær det betre enn forgjengarane i tida etter Ferguson.

Han var den første nordmannen som fekk leie verdas største fotballklubb. Truleg vil han også i uendeleg mange år framover bli ståande som den einaste.

Med halvparten av genene frå Bøfjorden, er det utruleg kva ein kan få til.

15. januar

Ein heilt vanleg fredag morgon i januar. Eg er to veker inne i mitt første heile år som pensjonist. Mette er på arbeid. Eg har huset og dagen for meg sjølv. Ute på terrassen let eg tankane flyge og blikket gli over eit nabolag som gjennom natta har tatt vinterkåpa på.

Ei uvant kjensle. Farvel til klikk og deadline. Over og ut med styredokument, rapportar og attestering. Aldri meir sjekking av timelister og reiserekningar. Takk for laget til iltre meldingar frå folk som ikkje har fått avisa og den endelause tsunamien med e-post.

Berre fridom.

Eit nytt og framandt liv, som skal fyllast med nytt innhald. Så mange nye moglegheiter.

Eit enkelt motiv. Ein fin morgon.

6. februar

Plutseleg hadde vi dei beste løypene her ute i Bud. Ingen trong å dra til Skaret for å få ein skitur. Snøen som kom i januar vart liggande. Etter litt ekstra påfyll, vart det mogleg å køyre opp skiløyper. I fleire veker kunne store og små boltre seg i ein svært velpreparert trase.

Vi i Robisonmarka bur ved kyststien, og har berre ein kort spasertur ned til svaberga mot Hustadvika. Med eitt hadde vi også dei finaste skiløyper rett utanfor stuedøra. Det var gode dagar for trim og naturopplevingar. Ein er privilegert når ein får lov til å bu på ein slik plass.

20. februar

Vinter, mørketid og pandemi. I februar kjente vi sterkt på at det ville ha gjort godt med eit avbrekk frå kvardagsrutinene. Så da broder Ole Magne ringte og spurte om vi kunne tenke oss å vere med på ein Røros-weekend saman med han og Bodil, var vi ikkje tunge å be.

Kursen vart sett mot Bergstaden, som viste seg frå si beste side. Ei triveleg helg, der vi la inn eit besøk i den prektige kyrkja frå 1784. Det mange kanskje ikkje veit, er at Røros kyrkje, med sine 1.600 sitteplassar, er den femte største i landet. Kun Kongsberg kyrkje, Nidarosdomen, Mandal kyrkje og Kristiansand domkyrkje er større.

Det vart ein flott tur. Vi fekk lada batteria og kosa oss skikkeleg.

14. mars

14. mars gjekk den årlege scootertransporten frå Nordviksetra til Tælastuå. Føret var prima, og veret like så.

Vår faste scooterkjørar og hjelpesmann, den alltid velvillige Gunnar Nordvik, tok meg med til Skarvan på returen for å vise benken han hadde sett opp der. Skarvan er eit flott utsiktspunkt, nesten like bra som Fossafjellet. Å plassere ein benk her, til glede for alle som tek seg opp til toppen, er eit tiltak som Gunnar fortener all ære for.

Eg tykte benken var så fin, at eg på flekken bestilte ein til Tælastuå. Den skal plasserast på verandaen, slik at folk som fer forbi får ein god plass å sitte på når dei tek ein kvil og et nista si.

27. mars

Mette skifta kne 1. mars. Framfor seg hadde ho ein lang opptreningsperiode. 27. mars vart ein merkedag i denne tålmodsprosessen. Da tok ho den første turen på kyststien.

Eit delmål var nådd, og det store målet, Tæla, rykka eit hakk nærare. Dit kom Mette for første gong 8. juli. Sidan vart det mange hytteturar utover sommaren og hausten.

3. april

Påskehelga kom for tidleg på Mette i år. Eg gjekk opp til Tæla åleine langfredag, med planar om å vere til 2. påskedag. Opphaldet vart eitt døgn kortare enn tenkt. Vermeldingane var så illevarslande for den siste natta i påskehelga, at eg fann det tryggast å renne ned påskedagen.

Bildet er tatt ut på dagen langfredag, etter at eg hadde pakka ut alt som vart køyrt opp med scooteren tre veker tidlegare. Mette er ein meister til å planlegge transporten og hyttesesongen. Det ligg mange ryggsekkbører spart i desse kassane.

28. april

Eg har alltid meint at dei som sluttar å gå på ski når påskehelga er over, ikkje veit kva dei går glipp av. Dette bildet er tatt frå Tælastuå i kveldinga den siste onsdagen i april. Er det ikkje magisk?

Heldigvis har eg det slik at eg klarar meg godt i eige selskap. Å halde skyming på hytta heilt for seg sjølv, omslutta av den roa som berre mektig natur kan skape, gjev fred i kropp og sinn. Og så, når mørket har tatt over: Tenne eit par lys, og la kvelden sige på.

Heilt frå eg var gutunge har eg likt å gå på ski. I oppveksten starta sesongen i slutten av november, og varte til den første berrflekken kom til syne på kulen i hoppbakken. Det skjedde som regel ikkje før eit godt stykke ut i april. I meir vaksen alder har eg kome til at den finaste perioden for skiturar i fjellet er frå starten av mars og så lenge det finst snø. Oppe på Tæla kan skiføret godt vare til langt uti mai.

Vårskiturane er noko av det beste med å ha hytte på Tæla.

17. mai

Storstilt feiring av grunnlovsdagen og strenge smittevernreglar går ikkje i hop. 17. mai vart like amputert i 2021 som i 2020. I skrivande stund rår det også stor tvil rundt feiringa i 2022. Ja, det får no stå sin prøve. Eg er faktisk meir opptatt av skiføret.

Vi skulle så gjerne ha vore ferdige med koronoaviruset. Men som statsminister Jonas Gahr Støre sa i nyttårstalen sin: Viruset er ikkje ferdig med oss.

Likevel, det er aldri så gale at det ikkje er godt for nok. Koronarestriksjonane har utløyst mykje kreativitet og alternative måtar å feire på. I Bud kunne vi gle oss over eit stort opptog med traktorar og andre køyretøy på 17. mai. Mange møtte opp for å sjå. Så ei form for feiring vart det.

31. mai

I den metige romsdalske fjellheimen blir 160 meter høge Gulberget i Bud ein dverg. Men ein skal ikkje skue hunden på håra. Trass si beskjedne høgde, byr Gulberget på ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar.

Gulberget er heller ikkje berre ein topp, men fleire. Å ta runden innom alle, er faktisk ein tur som fort tek ein time.

Det finst fleire stiar opp til Gulberget. Den mest brukte går opp frå gravplassen i Bud, der det også er rikeleg med parkeringsplassar.

Dette bildet er tatt frå toppen Brattlitua på siste dagen i mai. Det dominerande fjellet i bakgrunnen er Skalten (692 m.o.h.). Til venstre skimtar vi Gulvatnet, som også er ei eit framifrå turmål.

6. juni

Søndag 6. juni tok vi mødrene våre med på ein skikkeleg biltur. Ruta vart Bud – Åndalsnes -Trollstigen – Tafjord – Zakariasdammen – Sjøholt – Molde – Bud.

Naturen har gjennom alle tider lokka turistar frå heile verda til dette området, der attraksjonane ligg på rekke og rad. Når ein fer på desse traktene, er det imponerande å sjå korleis kommunar og reiselivsnæring verkeleg legg seg i selen for å skape opplevingar for turistane. Her er det mange som har mykje å lære, ikkje minst på Nordmøre.

Bildet er tatt på eit av dei spektakulære utsiktspunkta på toppen av Trollstigen. Det vart ein dag med stor trivsel og mange gode minne.

30. juni

Det er ekstra triveleg i Bud om sommaren. Turistane skapar eit yrande folkeliv. Av og til gjev berre det å vandre gjennom været ei kjensle av å vere på ferietur.

I sommar vart Bud pynta opp med dei nye buasegla. Dei tok seg retteleg fint ut, med påskriftene «Velkommen til Bud» og «Fole fint i Bud».

Ein liten detalj, kanskje. Men samtidig til glede for oss som bur her, og heilt sikkert noko som dei tilreisande la merke til.

3. juli

Siste del av juni og første del av juli baud på ei rad med fabelaktige dagar på Tæla. På det varmaste kraup kvikksølvet tett opp mot 30 grader. Da er Fossåa god å finne. Eg hugsar spesielt ein av kveldane eg kom opp til hytta. Etter ei rask utpakking tok eg med meg såpe, handkle og ein boks med passande drikke ned til plassen vi kallar badekara. Etter badet vart eg berre sittande ved fossen og ta velværet innover meg i bortimot ei par timar. Slike stunder får ein ikkje kjøpt for pengar.

Det gjeld også kalaset eg og Bjarne hadde i Telheim den første laurdagskvelden i juni. Bjarne diska opp med spekemat og det som høyrer til.

Kameratskap. Fortruleg prat og tankar i fri flyt. Verdas finaste natur. Denne kvelden (og natta) vart eit av dei store høgdepunkta i sommar.

Takk, Bjarne.

31. juli

Vi har berre to barnebarn. Til gjengjeld har vi dei to beste. Familien på Tau kom på besøk til Bud i sommar. Da mamma og pappa innvilga seg litt eigentid med ei hotellovernatting i Molde, fekk eg og Mette Daniel og Benjamin for oss sjølve i nesten eit døgn.

For ein stas. For ei lykke i livet. Det er i grunnen ikkje så mykje meir å seie. Vi gler oss til neste gong.

Bildet er tatt i kafeen på Atlanterhavsvegen, der softis stod på menyen.

3. august

I sommar vart det endeleg ein biltur igjen. Den første dagsetappen gjekk til Lom, der vi tok inn på ærverdige Fossheim. Restauranten kunne by på seks retters middag med nøye tilpassa drikke. Vi bestemte oss for ikkje å spare på noko som helst. Det vart ei gastronomisk oppleving, rett og slett.

Dagen etter fortsette vi over Sognefjellet. Frå Sogndal gjekk turen til Jølster, der vi overnatta. På veg mot Jølster passerte vi Fjærland med den unike bokbyen. Eit lite lass med bøker vart med til Bud.

På dag tre køyrte vi så frå Jølster via Nordfjordeid og Volda til Ålesund for ei siste overnatting.

Eg og Mette likar å ta korte dagsetappar når vi er ute på tur. Det gjorde vi denne gongen også. Den store gevinsten med å ta seg god tid, er at ein får med seg mykje. Det slakke programmet gjorde t.d. at vi kunne ta omvegen rundt Austefjorden før vi kom til Volda. Ingen av oss hadde vore der før.

Ein minnerik tur vart det.

27. august

I sommar kjøpte eg meg sykkel. Eg blir fort lei av å gå. Med sykkelen fekk eg utvida aksjonsradiusen kraftig, og det vart plutseleg mykje artigare å trimme. Effekten av sykkelturane begynte eg etter kvart å kjenne på veg opp liene til hytta. Sekken vart lettare!

Bud er eit flott utgangspunkt for sykkelturar – korte som lange. Her er det mange vegar og ruter å velje i.

Så må det leggast til: Sjeldan kjenner eg meg meir som pensjonist og gammelkar, enn når eg syklar bort til småbåthamna, parkerer sykkelen og set meg ned på ein benk for å sjå på båtane og måsen. Eg har ikkje begynt å ta med mat til måsen enno. Men det kjem vel det også.

Stunder som som dette er så velsigna unyttige. Det er eit privileigium å kunne nyte dei i fred, utan tanke på at noko viktigare enn potetskrelling ventar.

10. september

Frå 1. september gjekk Mette over i pensjonistane sine rekker, etter på dagen 40 år i Bud og Hustad Forsikring. Sjefen for selskapet, Ole Morten Sørvik, sørga for at ho vart takka av på ein fantastisk fin måte.

Fredag 10. september var alle tilsette med følge samla til fest i Kristiansund. På den heilt spesielle restauranten Jullum6 venta ein sju retters middag av det himmelske slaget. Her var det også taler og gåveoverrekkingar.

Fri for overraskingar var festen heller ikkje. Etter at vi hadde sett oss til bords, dukka plutseleg Jorunn og Marit opp for å delta på mamma sin kveld. For hovudpersonen sjølv, Mette, vart nok dette den aller største rosinen pølsa.

Ikkje eit ord hadde lekka ut på førehand! Her hadde Ole Morten gjort eit grundig forarbeid. Jentene vart smugla inn på hotellet før vi andre sjekka inn. For å vere på den sikre sida, parkerte dei bilen ute på flyplassen. Mette er nemleg ram til å kjenne att bilnummer!

25. september

Vi har dei fleste av våre næraste langt unna. Å samle alle på ein gong, er ikkje så lett. Vi har etter kvart funne ut at Oslo eignar seg godt som ein felles samlingsplass. Eit slikt treff fekk vi også til i år, og det vart som vanleg koselege dagar i hovudstaden.

Som regel legg vi inn minst ein programpost der alle deltek. I år besøkte vi Naturhistorisk Museum, noko ikkje minst dei to yngste tykte var gjevt. Elles blir det litt shopping, vandring rundt i byen og nokre gode måltid på desse turane. Men det aller viktigaste er sjølvsagt samveret, og ha dei som betyr mest her i livet rundt seg.

Laurdag ettermiddag sat vi på ein uterestaurant for å ete lunsj. Klokka 16 braut det ut applaus og jubel rundt oss. Alle koronarestriksjonar var fjerna. Seinare på kvelden kunne vi sjå eit folkeliv utan like på Karl Johan. Men applausen skulle altså stilne nokså fort, og folkelivet er det framleis så som så med…

På bildet er heile gjengen, med unntak av nevø Bendik, samla til middag laurdag kveld.

3. oktober

Haustkveld på Tæla, og siste overnattingstur i 2021. Bildet er tatt klokka 18.38. Etter ein tur bak Fossafjellet dukkar sola opp igjen i nokre magiske minutt for å sende ei siste helsing inn over stølen.

Det er alltid litt vemodig å avslutte hyttesesongen. På kveldar som dette brukar eg å bla i hytteboka, og sjå tilbake på det som har skjedd sidan den første vårturen. Også i år kunne eg konstatere at det hadde vore ein triveleg og innhaldsrik sesong. Eg hadde hatt mine eremitt-turar, og eg les om mange gode dagar saman med Mette. Oppe på Tæla lever vi eit enkelt liv – akkurat slik vi begge likar å ha det.

31. oktober

For ein som vaks opp med dei sterke basartradisonane på Eidet, er det kjekt å bu på ein plass der slike tradisjonar lever i beste velgåande.

Første gongen eg var med Mette på basaren til skolemusikkorpset her ute, trudde eg nesten ikkje det eg såg. Det store forsamlingshuset var fullt av folk. Og slik er det kvart år. Da Bud skolemusikkorps arrangerte basar 31. oktober, brukte meir enn to hundre buaværingar søndagsettermiddagen til å støtte opp om korpset.

Det store oppmøtet seier mykje om samhald og patriotisme i bygda. Gjevargleda vitnar også om at folk forstår kor viktig det er å ha eit korps som stiller opp 17. mai, ved julegratenning, på adventskonsertar og ved mange andre høve.

2. november

I fleire år har eg og Mette prata om å besøke Nordøyane før dei vart landfaste. 2. november vart endeleg tur, med utforsking av Lepsøya, Haramsøya og Skuløya. Det var i grevens tid. 18. desember fekk øyane fastlandssamband. Neste år følger Fjørtofta, Harøya og Finnøya etter, når heile Nordøyvegen er ferdigstilt.

Nordøyvegen har vore omstridd p.g.a. den høge kostnaden. Men no er gigantprosjektet snart ferdig, og dei øysamfunna som blir berørte kan starte ei ny tidsrekning.

Etter å ha vore her ute for første gong, kan eg ikkje forstå anna enn at det i Nordøyvegen ligg eit enormt potensial for reiselivet. Med Møreaksen på plass, vil moglegheitene auke ytterlegare.

Bildet er tatt ved ferjeleiet på Lepsøya. No har ferja frå Skjelten ut til Lepsøya, Haramsøya og Skuløya gått sin siste tur.

12. november

Jammen hamna vi ikkje på Fossheim ein gong til. Våre vener May Britt og Jeroen inviterte oss med på tur, og vi vart sjølvsagt med. Avstanden mellom Bud og Lom er ikkje meir enn nokre og tjue mil. Ein biltur og eit par døgn på eit prima hotell saman med triveleg folk seier ein ikkje nei til.

Hotellet, og ikkje minst restauranten, viste seg også denne gongen frå si beste side. Vi slo til med treretters fredag og seksretters laurdag denne gongen. Skal det vere, så skal det vere.

Bildet viser at stemninga var på topp. Vi kosa oss skikkeleg. Lom er ein triveleg plass, også utanom turistsesongen.

Surnadalingar kan ein treffe på overalt. På på ein gangveg i sentrum, og seinare på hotellet, møtte vi Henning Sommerro. Han var saman med ein cellist frå Gjemnes. Ho spelar i Trondheimsolistene. Dei to musikarane hadde deltatt på ein konsert til minne om diktaren Tor Jonsson.

Ein månad seinare var vi i eit selskap i Molde saman med eit par vi aldri hadde møtt før. Dei viste seg å vere foreldra til jenta med celloen.

Verda er ikkje alltid så stor.

9. desember

Midt i været ligg Bud kyrkje frå 1717. Eit vakkert byggverk, som tek seg fint ut i all slags ver og til alle årstider.

Kyrja ligg rett nedanfor Ergan kystfort, som tyskarane bygde under 2. verdskrig. Tårnet kom i eldlina for kanonane, og løkkuppelen vart demontert 4. november 1943. Den vart plassert på ein låve, og sett opp igjen i 1947.

Det kviler ein eigen ro over det enkle gudhuset. Tenk om dei gamle tømmerveggane kunne snakke…

26. desember

Å, jul med din glede og barnlige lyst… Jula er ei fin tid for å drive med syslar som samlar barn i alle aldrar. Sjølv om mykje i dag handlar om elektronikk og alskens duppedittar, viser det seg at det ein kalle analoge syslar fenger også dei yngste.

Karen på bildet er ikkje lenger veldig ung. Men som vi ser, viser Eirik stor konsentrasjon i spelet som heiter Tumblin’ Tower. Dette spelet, som består av noko så enkelt som ein haug med trebitar, vart ein svært populær aktivitet på Tau denne jula.

Det enkle er ofte det beste. I alle fall i jula.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s