OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen

Pensjonistlivet er ei praktisk ordning. Ikkje minst når det er OL. Spesielt vinter-OL har alltid interessert meg. På travle arbeidsdagar opp gjennom åra har det ikkje vore så enkelt å få med seg alt.

No er den tida over. Eller rettare sagt: Mentalt sett er eg framleis ikkje hundre prosent pensjonist. For all del: Reint fysisk plasserer eg meg framfor fjernsynet kvar morgon for å sjå på sendingane frå Beijing. Eg er utstyrt med iPad for å ha eit sideblikk på eventuelle Discovery-sendingar som går parallelt med TVNorge, samt telefonen. Der opnar eg FIS-appen, som med sine kontinuerlege oppdateringar gir uslåeleg oversikt over det som skjer i bakke og løype. Ja, og så kaffekoppen, sjølvsagt. Alt er på stell.

Men så var det dette med å roe heilt ned, og innsjå at no treng eg ikkje lenger å gjere fleire ting på ein gong (bortsett frå å følge med på tre skjermar samtidig). Heilt enkelt er det faktisk ikkje. Sjølv ikkje etter seksten månader ut av arbeidslivet. Men det går betre og betre. Denne veka sat eg ein dag og såg curling i to samfulle timar. Eg var ikkje oppe frå sofaen. Av gammal vane kikka eg brått på klokka borte på veggen eit par gonger – utan å forstå kvifor (uhelbredeleg yrkesskade). Det kom også plutseleg over meg at dette gjekk da ikkje an. Eg måtte vidare. Opp frå stolen. Haste til neste mellomstasjon på ferda mot kveld. Men eg heldt meg hard i sofaen. Det var ein seier.

Så når Mette med eitt sa: For ein luksus. Så godt vi har det. Ja, da var det lett å seie seg einig.

Konklusjonen er så absolutt at vi har gode dagar i Robinsonmarka 26. Tida går eigentleg fort. Fredagane kjem tett som hagl. Fredagen har alltid vore vår dag. Den første tida vi var saman, da begge var opptekne på kvar sin kant midt i veka, var det ekstra gjevt når fredagen kom. Heilt frå den gongen har vi vore opptekne av å unne oss litt ekstra i helgene. Pensjonistlivet byr ofte på dagar som ikkje skil seg seg så veldig ut frå den i går og den som kjem i morgon. Helga skal utgjere ein forskjell. Det meiner vi begge er viktig.

Det er no slik at livet inneheld flest kvardagar. Men for ein sportsidiot blir i desse tider også kvardagene ein fest. Eg ser på OL og kosar meg. Samtidig har eg med jamne mellomrom samtalar med hjernen,. Eg ber han om å omstille seg til at han no, og i alle dagar som kjem, skal betene ein kropp og ei sjel som berre ønsker å leve sakte. Tida som kontrollsenter for ein forvilla bladfyk med neste deadline i blikket er eit avslutta kapittel.

Vi blir nok einige til slutt, eg og hjernen. Begge treng vi berre litt meir tid. På vegen fram mot denne felles verkelegheitsoppfatninga, skal eg nyte den siste veka med OL.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s