OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest

Cortina d’Ampezzo. Postkortet vart kjøpt for 35 år sidan.

Etter tre OL på stader som ikkje har noko med vinteridrett gjere, kan vi begynne å gle oss til OL i Cortina d’Ampezzo og Milano i 2026. Den italienske alpebyen Cortina d’Ampezzo, som også arrangerte vinter-OL i 1956, er rik på vintersportstradisjonar. Det ligg an til at vi får eit OL slik vi helst vil ha det, med mykje folk, god stemning, idylliske vinterlandskap og gode forhold for utøvarane.

Sotsji (2014), Pyeongchang (2018) og Beijing (2022) spara ikkje på konfekten med å bygge opp staselege anlegg. Men ekte OL-stemning klarte ingen av dei å skape. OL har vore som framandelement i område der vinteridrett ikkje har røter. Dei strenge koronatiltaka gjorde at leikane i Beijing vart ekstra triste. Dei flotte anlegga, som er bygde for å ta imot tusener av tilskuarar, stod tomme. Vi såg nesten ikkje ansiktet til ein einaste deltakar. Alle gjekk rundt som mumier bak masker og munnbind.

Derfor skal det bli godt å kome til Cortina d’Ampezzo. Eg har lese mykje om leikane i 1956. I bokhylla på Kvennbø stod boka «Sportsrevyen 1955». Den hadde eit eige bilag om vinter-OL i 1956. No er boka i mitt eige. Eg tek ho fram av og til. Gamle og gode minne dukkar opp. Det er utruleg kva ein hugsar av det ein las som gutunge, berre interessa var til stades.

Eit lite sidesprang: Ved sida av OL-stoffet i «Sportsrevyen», vart spesielt Hilmar Myhra sin artikkel «Slik blir du skihopper» finstudert eit utal gongar. Vi las, og dro deretter opp i hoppbakken for å praktisere. Men suksessen kom aldri.

Hoppanlegget i Garmisch-Partenkirchen var ein sjølvsagt stopp på vegen mot Middelhavet. Vi ser Kristin og Eirik.

Tilbake til Cortina d’Ampezzo. Der har eg vore. På ein biltur til Venezia i 1987 klarte vi å legge mange kjente vintersportsstadar inn i reiseruta. Frå Bayern og vidare sørover gjennom Østerrike og nord-Italia ligg dei utruleg tett.

Alle var dei makalaust flotte plassar. I ein eigen klasse er likevel Misurina. Under leikane i 1956 gjekk skøyteløpa på Misurinasjøen, som ligg 13 svært bratte kilometer frå Cortina d’Ampezzo. For å seie det enkelt: Det er den finaste plassen eg nokon gong har sett. Ein liten fjellandsby med sine vakre hus, innramma av mektige fjell speglande i krystallklårt vatn – det var som eit eventyr.

Misurina – eit eventyr. (Postkort).

Misurinasjøen ligg 1.756 moh., 552 høgare enn Cortina d’Ampezzo. Skøytebanen låg plassert i nordenden av sjøen. For å unngå sprekker i isen, vart det laga til ei halvmeter brei råk rundt heile banen. Høgda over havet, kombinert med framifrå iskvalitet, ga gode tider under skøyteløpa. På 500 meter tangerte Jevgenij Grisjin sin eigen verdsrekord på 40,2. Alv Gjestvang vart nummer tre med 41,0, som da var den beste tida prestert av ein nordmann.

OL i 1956 var det første med sovjetisk deltaking. Det hadde kome meldingar i avisene om fantomtider på skøytebanen i Alma Ata, men ingen visste heilt kor truverdige desse var. Da sovjetløparane kom til Misurina, fekk verda sjå at dei ikkje for med bløff. Sovjet tok sju skøytemedaljar. Av desse var fire gull. Til samanlikning tok Norge ein sølv og ein bronse.

Trampolina Olimpico – slik bakken såg ut i 1987.

På veg ut frå Cortina d’Ampezzo passerte vi hoppbakken frå 1956-OL, Trampolina Olimpico. Den såg ut til å vere i god stand, og i bruk. Slik er det slett ikkje med alle olympiabakkane som er bygde opp gjennom åra. Nyleg vart hoppanlegget i Calgary frå 1988 jamna med jorda. Bakkane i Grenoble frå 1968 har for lengst gått ut av bruk, og det same gjeld anlegget i Sarajevo. Dette vart aldri nytta til internasjonale konkurransar etter OL i 1984. Eksempla er mange. Og kven skal i framtida konkurrere i det enorme OL-anlegget i Kina? Her vil det neppe bli arrangert verdscuprenn. Utan eit OL på heimebane i sikte, er det vel også fare for at den marginale kinesiske hoppsporten rett og slett døyr ut.

Finnen Antti Hyvärinen tok nordmennene på senga.

På same måte som skøytebanen, vart heller ikkje hoppbakken i Cortina d’Ampezzo nokon lykkearena for Norge i 1956. Olympiarennet skulle vise at nordmennene var akterutsegla når det gjaldt stil og teknikk. Finnene hadde gått over til den nye aerodynamiske stilen, med hendene inn til sida. Antti Hyvärinen vann rennet, framfor landsmannen Aulis Kalakorpi og Harry Glass frå Tyskland. Beste nordmann vart reserven Sverre Stallvik, som kom på niandeplass.

OL i 1956 var i det heile ingen suksess for Norge. Vi tok berre fire medaljar; to gull, ein sølv og ein bronse. Det ga ein skuffande sjuandeplass på medaljestatistikken.

Norge kjem nok til å gjere det betre i 2026. Å overgå medaljefangsten frå i år skal vel mykje til. Det er like greitt. Vinteridretten treng internasjonal breidde, ikkje at eit enkelt land «snøyer fatet» slik vi gjorde i år.

Når IOC valde Cortina d’Ampezzo og Milano som arrangør for vinter-OL i 2026, gir det kanskje grunn til eit håp om at vinter-OL i framtida blir lagt til stader som ut frå naturlege føresetnadar og tradisjon eignar seg til slike meisterskap? Eg veit ikkje. Ein kan aldri kjenne seg sikker. Pengane, både over og under bordet, rår.

Kven som får leikane i 2030 blir bestemt neste år. Om ikkje anna lovar det godt at Sapporo, Salt Lake City og Vancouver er blant dei interesserte. Alle har dei tidlegare vist at dei kan å arrangere OL.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s