
Tradisjonen tru vil kvinnedagen også i år vere fylt av fakkeltog, demonstrasjonstog, folkemøte og andre arrangement med likestillingskampen i sentrum. Eg gratulerer alle kvinner med dagen.
Vi er fortsatt mange som kan ei hugse ei tid da «kvinnedag» framleis var eit ord som ikkje fanst. 8. mars var ein dag som alle andre. Ja, ordet «likestilling» var vel knappast oppfunne.
Det er ingen grunn til å romantisere den delen av historia. Likevel hindrar ikkje det at fortida er rik på kvinneheltar. Kvinnelege kvardagsheltar, er kanskje det rettaste uttrykket å bruke. Forskjellen frå dei som i dag inntek torg og TV-studio, er at desse var anonyme, tause og fullstendig utan krav om ordna arbeidstid, pensjon, ferie og annan luksus. Dei berre arbeidde. Kvar dag. Året rundt.
Eg som vaks opp i eit bondesamfunn på 60-talet, såg korleis dette fungerte. Rundt om på gardane var det kvinner som stod opp grytidleg, og deretter fylte dagen med gjeremål frå fjøsstellet om morgonen til dei la frå seg handarbeidet om kvelden. Det var ikkje tid til så mykje anna enn arbeid. Eit kvinneforeningsmøte eller to i løpet av månaden kunne vere kjærkomne pustehol i ein strevsam og einsformig kvardag.
Mange kvinner hadde det heilt sikkert godt, og var tilfreds med livet slik det var. Men det fanst også dei som var undertrykte og opplevde urett. Verda har gått framover. Vi skal vere glade for det.

Likevel hadde det gamle bondesamfunnet sine klåre kvalitetar. Eg kan ikkje forestille meg ein betre og tryggare oppvekst enn den eg hadde. På dei fem gardane på Kvennbø var det alltid folk i husa. Om ikkje dei heime visste kor vi gutane var, var det andre som heldt auge med oss. Det var nokon som tok imot når vi banka på hos naboen. Ofte vanka det eit drops eller ein sjokoladebit. Vi opplevde omsorg og omtanke overalt.
Kvinnene passa hus og heim. I dette trygge rammeverket rundt oppveksten spela dei ei helt vesentleg rolle. Dei var der. Alltid. Ikkje berre for oss ungane, men også for ektemenn og andre på garden som dreiv med hardt kroppsarbeid dagen lang. Når karane i huset kom inn om kvelden etter ei hard økt i skogen eller ute på åkeren, var det ein sjølvsagt ting at maten stod på bordet og at tørre klede låg klar. I vår tid blir det bruka mange meiningslause uttrykk om ei slik arbeidsdeling.
Slik var det i min oppvekst. Når eg høyrer Mette fortelle om barndommen sin her i Bud, er det fascinerande å høyre korleis gamle dagar sine bondesamfunn og fiskarsamfunn likna på kvarandre. Innhaldet i kvardagane var sjølvsagt ikkje det same. Men når det kjem til verdiar og levemåte er det veldig mykje likt å finne. Det er nok mykje av grunnen til at ein landkrabbe som eg finn meg så godt til rette her ved havet.
Eg har lyst til å bruke kvinnedagen i 2022 til å hylle alle desse anonyme bondekvinnene og fiskarkvinnene. Dei ofra så mykje, dei arbeidde så hardt for fellesskap, familie, hus og heim, og dei gjorde ein uvurderleg innsats for å skape tryggheit for unge og gamle. Dei var verkeleg med på å bygge landet.
Ikkje alle verdiar frå fortida står seg like godt i dag. Det er heilt sikkert. Samtidig gjer vi ein stor feil ved å kaste vrak på alt.
