Vårleg idyll, men truande vind frå aust

I det fine vårveret har eg funne meg ein lunsjplass med panoramautsikt mot Hustadvika. Eg er privilegert, som bur berre ein liten trimtur unna herlegdomar som dette.

Det er godt å sjå utover havet. Opplevinga er som når eg sit på hytteverandaen og kviler blikket mot store vidder og mektige fjell. I storslått natur blir vi små. Det fell lett å kjenne at vi er ein del av noko som er mykje større enn oss sjølve. Som Ivar Aasen så fint seier det: «Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru maa stydja upp-under».

I tider som dette er det ekstra godt å kome seg ut. Ikkje berre har våren meldt seg på. Eit friminutt ute i det fri gir også ein pause frå den uendelege nyheitsstraumen, som er så fylt av krig og vondskap. Dag ut og dag inn. Veke etter veke. Eg klandrar ikkje mediene. Dei gjer berre jobben sin – og det på ein imponerande måte. Det er opp til den enkelte å sortere og passe på at dosane ikkje blir for store. Skulda for at folket i Europa opplever den mørkaste våren sidan siste verdskrig, har ein ynkeleg og feig tyrann borte i Russland. For eit hensynslaust svin!

Medan eg nyt kaffe og nybaka brød med brunost på, passerer eit marinefartøy ute på Hustadvika. Båten er rett nok norsk, men blir likevel eit brot på idyllen. Ei påminning om krig. Eg reknar med at den er på veg for å delta i NATO-øvinga Cold Response 2022, der 30.000 soldatar frå 27 land er med. Eg veit at planlegginga av øvinga starta lenge før Russland gjekk til angrep på Ukraina. Men likevel: Er det lurt å halde med på dette no? Tanken slår meg. Det er i alle fall ikkje vanskeleg å sjå for seg den «informasjonen» som dei sensurerte russiske mediene går ut med til eit hjernevaska folk: No står USA på grensa mellom Norge og Russland.

Midt i filosoferinga kjem eit varsel opp på telefonen. Ein eller annan har lagt ut ei lenke til Henning Sommerro og Jørgen Gravvold sin song «Auståvind». Songen, som var med i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 1980, har etter at krigen i Ukraina starta fått ein renessanse. Teksta var skriven i den kalde krigen si tid. 42 år seinare framstår songen som reint profetisk. Den er slåande dagsaktuell.

«Du auståvind, du vil drepa kvart liv du finn
hør, hør du auståvind, du e dømt te å tapa».

Eg legg inn ei lenke under denne artikkelen, slik at du kan høyre heile songen. «Auståvind» vart nummer sju i MGP-finalen. «Sámiid ædnan» med Sverre Kjeldsberg vann. Også dette var ein sterkt politisk song, med eit bodskap om bevaring av Alta-vassdraget.

Vassdraget vart ikkje berga. Og Jørgen Gravvold si tekst skulle altså vise seg å vere uhyggeleg tidlaus.

Marinefartøyet ute på Hustadvika forsvinn i det fjerne bak nokre holmar. Krigspåminninga er ute av syne, men ikkje av sinn. Eg pakkar saman, og ruslar vidare i vårsola. Omslutta av dette prektige skaparverket, ønsker eg i mitt stille sinn Vladimir Putin alt vondt. Det gjer faktisk godt å tenke tanken. Sjølv om den er aldri så primitiv.

Vi må bu oss på meir vind frå aust i tida som kjem.

«Ja, auståvind’ han er sterk og støgg, herja og bruka makt
og alt han finn det bli reve ned, plyndra og ødelagt».

Høyr og sjå Henning Sommerro si framføring av «Auståvind» her.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s