Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare

Før og etter. Foto: Ole Sæterbø.

«Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette.

Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i løpet av vinteren har kome med hjelp og handsrekningar til meg og Mette.

I slutten av februar fekk eg ei melding frå ein slektning i Surnadal, Ole Sæterbø. Han er ein sprek fjellkar, som ikkje kvier seg for å ta ein tur. Denne dagen hadde han på eige initiativ gått opp til hytta vår på Tæla for å sjekke snøforholda. Han trudde det kunne vere behov for måking av verandaen.

Det viste seg at mistanken om store snømengder rundt veggane ikkje var ugrunna. Bilda i meldinga viste situasjonen før snømåkinga, og korleis det såg ut etter at Ole var ferdig med jobben.

Når ein bur såpass langt unna hytta som vi, blir ein berre veldig, veldig glad for slik uventa hjelp. Snømengdene på Tæla lurte i bakhovudet mitt også. Da meldinga frå Ole kom, datt ei bør ned frå skuldrene.

Så tusen takk igjen, Ole. Du har arva mykje frå bestefaren din på Gjeret. Det er det ingen tvil om.

Jan Solbakk og Hanne Berit Mikkelsen rastar på hytteverandaen. Foto: Gunn Mari Mikkelsen.

Da vi tok oss opp liene til hytta langfredag, var også det etter fleire dager med kraftig snøfall. Hyttenabo Bjarne hadde sendt bilde frå verandamåking i Telheim – heilt tydeleg eit storarbeid, så eg var mentalt førebudd på ein skikkeleg jobb da vi kom fram til hytta.

Men sanneleg, måkinga var allereie gjort. Det var ikkje til å tru. Her hadde god hjelparar heilt klart vore på ferde. Men kven? Svaret fekk vi dagen etter, da Gunn Mari og Jan Solbakk for forbi. Dei hadde rasta på verandaen tidlegare i påska, og meinte ei passande «betaling» for lånet var å måke reint for snø.

Det var no så reint for mykje. Men mange takk. Omtanke vermer.

Til slutt vil eg nemne han eg likar å kalle verdas mest hjelpsame altmulegmann, Gunnar Nordvik. Kvart år fraktar han proviant og ved opp til Tælastuå med skuter. Han har også snekra ein flott sofa til hytta vår, flidd ytterdøra og er mannen som har laga den prektige benken som no står på hytteverandaen. Kort sagt: Gunnar ordnar det meste, for ikkje å seie alt.

Provianten på plass. Foto: Gunnar Nordvik.

Da eg og han returnerte frå hytta med skuter etter provianttransporten før påske i fjor, tok vi ein runde om Skarvan, der Gunnar akkurat hadde plassert ein benk lik den som no står ved hytta vår. Eg bestilte benk til Tælastuå på flekken. 11. mars i år kom det bildemelding frå benkmakaren. Da hadde han køyrt benken opp på Tæla og plassert den på verandaen.

Så ville det seg slik at koronaen slo til i heimen like før årets provianttransport skulle gjennomførast litt seinare. Det var sjølvsagt ikkje noko problem. Eg frakta varene innover til Gunnar og ga han hyttenøkkelen. 24. mars kom det ny melding frå Tæla. Proviant og ved var på plass i hytte og uthus. Når ein er så løysingsorientert og hjelpsam som Gunnar, er det utruleg kva som ordnar seg.

Langfredag var vi endeleg oppe på Tæla igjen. Alle som fer forbi Tælastuå er naturlegvis velkomne til å slå seg ned på benken og ta ein rast – også når det ikkje er folk i hytta.

Omtanke og omsorg blir det aldri for mykje av. Kanskje vi alle burde tenke litt meir over ordtaket eg starta denne epistelen med? Diktaren Olav H. Hauge, ein meister til å uttrykke mykje med få ord, seier det slik i diktet Gjer ein annan mann ei beine:


Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvindstò.
Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
Så gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå
.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s