
Så sat vi der da, eg og Mette. Ho med strikkinga si. Eg med stemmeskjemaet for Melodi Grand Prix framfor meg. Vi hadde bestemt oss: Denne laurdagskvelden skulle vi sjå MGP-finalen. Og vi skulle gjere det skikkeleg.
Etter å ha raljert med Melodi Grand Prix i avisspalter og sosiale media gjennom mange år, var det kanskje på tide at eg verkeleg sette meg inn i kva eg dreiv og kritiserte?
Det vil seie, heilt blanke stilte verken eg eller Mette. Vi hadde fått med oss litt av NRK sine presentasjonar av «låtane» i forkant, og vi lei oss på tappert vis gjennom den eine semifinalen. Så uvitande om kva som var i vente var vi ikkje. Men altså: No skulle vi for alvor gi programmet ein sjanse. Etter vitskapelege prinsipp, med stemmeskjema og greier.
Klokka ni braka det laus. Vi trekte sjølvsagt ned persiennene for å unngå at refleksar på skjermen skulle påverke inntrykket av kostymene. Volum, bass, mellomtone og diskant var fininnstilt etter alle kunstens reglar. Dette kunne ikkje bli anna enn suksess.
Etter dei innleiande rituala, med sterkt fokus på nokre adrenalinbomber som ga seg ut for å vere programleiarar, kom omsider den første songen. Personleg hadde eg lyst til å sette null i alle kolonner på skjemaet til norsk/tsjekkiske Tsjekkia, som varta opp med ein forferdeleg kakofoni. Men vi valde å vere seriøse. Det vart poengsummar litt under middels. I tilfelle behov for heilslakt seinare, var det best å ha noko å gå på. Så var det Romania sin tur, og tanken kom snikande: Kor lenge orkar vi? Å fordøye 25 songar av dette kaliberet, fortona seg allereie midt i den andre verre enn å gå tom for vatn midt i Sahara.
På tru og ære ga vi likevel karakterar til dei to første landa, og stålsette oss til møtet med land nummer tre, Portugal. Midt i framføringa var begeret fullt. Vi dro ein samrøystes konkusjon: Livet, om vi så skulle vere så heldige å bli hundre år, er for kort til å sjå på Melodi Grand Prix. Skjemaet vart lagt til sides. MGP-festen i Robinsonmarka 26 var over.
Eller rettare sagt, den vart sett på pause. Avstemninga har jo faktisk ein viss underhaldningsverdi. Rett skal vere rett. Vi bestemte oss derfor for å sette over til Torino igjen om nokre timar, for å få med resultatet. Løysinga liknar til forveksling den eg brukar under Vasaloppet. Eg ser starten, før eg skiftar kanal og let løparane halde på med si monotone staking i fred og ro dei neste sju – åtte milene. Så går eg tilbake til rennet og får med meg dei siste kilometrane og innspurten.
Det er ein effektiv måte å sjå langløp på. Ikkje berre er stakinga drepande kjedeleg. Å høyre på duren frå ein snøskuter fleire timar i strekk er også nokså plagsamt (eg tør ikkje tenke på korleis løparane har det). Nokon vil kanskje ile til og seie at det faktisk kan vere vanskeleg å skilje lyden av ein snøskuter frå nokre av songane i MGP-finalen. Eg er ikkje usamd.
Så skulle det vise seg at Vasaloppet-metoden ikkje fungerte heilt optimalt denne Melodi Grand Prix-kvelden. Det vart ein liten bom. Da vi sette over til Torino igjen, var det framleis tre songar att. Vi beit saman tennene og let dei tone ut i loftstua, i all si musikalske armod.
For no var jo avrøystinga like om hjørnet. Trudde vi. Men så enkelt var det ikkje. Her var det mange som skulle vise seg fram med både tvilsam stemmeprakt og smaklaus påkleding før avgjerda fall. For den som berre var ute etter resultatet, vart det sirupseige showet som skulle bygge opp spenninga mot det store klimakset, kåringa av vinnaren, ei tolmodsprøve utan like.
Men vi heldt ut. Ukraina vann sjølvsagt, det visste vi på førehand at kom til å skje. Den latterlege pappsløyden frå Norge hamna på ein anonym tiandeplass, milevidt unna teten. Heller ikkje det kom overraskande på oss i loftstua. Men så er da heller ikkje MGP-faktoren spesielt høg verken hos meg eller Mette.
Uansett, no veit eg ein gong for alle kva dette handlar om. Eg har utsett meg sjølv for såpass store MGP-doser denne våren, at eg bramfritt kan hevde følgande: Melodi Grand Prix har utvikla seg til å bli ein stor vits. Musikalsk er det meste av det som blir servert reint søppel. Men med smaklause kostymer og ditto sceneshow som innpakning, er det visst ikkje grenser for kva som kvalifiserer til poeng.
Programmet varte i fire timar. Opplegget er ulideleg pompøst, patetisk og seigt. Men no har EBU verkeleg sjansen til å gjere ein vri. President Volodymyr Zelenskyj i Ukraina seier at han vil arrangere finale neste år. Kva med å strippe det heile ned, og sende songarane ned i ein bunker i Mariuopol? Det hadde vore noko. Null overdådig glitter og stas, men i staden ein MGP-finale i takt med det verkelege livet. Eg heiar på ei slik løysing, og håpar at Zelenskyj les dette. Tipset er gratis.
Om du lurer på kva vi brukte timane fram mot avstemninga til: I delar av tida kosa vi oss med ein reprise av «Med Monsen på villspor», akkompagnert av anstendige mengder god drikke. Lars Monsen er heil ved. For den som er interessert i friluftsliv, byr programma hans både på lærdom og underhaldning.
Serien fekk fortent prisen som beste reality under årets «Gullruten». Lars Monsen var til stades og tok imot. Utan å vere utkledd som ein ulv.

Ære vere deg som leid deg gjennom dette. Mange år sidan dette programmet har vore på vår tv.
Er så enig med deg , utvikler seg til det verre kvart år.
LikerLiker