
Vi har vore ute på øyane. Det vart ein kortreist liten ferietur i overveldande flott natur. I store delar av tida kunne vi sjå heimleg landskap og kjente fjell. Ute ved havet ser ein langt.
Gulberget, Bud si alpine stoltheit, er ikkje meir enn 160 meter høgt. Men fjellet stikk seg fram overalt. Fascinerande. Det same gjeld den allestadsverande sukkertoppen Jendemsfjellet (633 m.o.h.). Nei, det er ikkje høgda som tel. Om ikkje før, så forstår ein det når ein bestig desse to fjella. Utsikta er fenomenal.

På reisa besøkte eg og Mette Gossen, Ona, Husøya, Finnøya, Harøya og Fjørtofta. I tillegg var ferja innom Orta og Sandøya. Opplevingane inspirerte meg til å lage ei reiseskildring fra denne øyhoppinga her på Fintenkjarplassen. Denne vil kome i fleire delar framover. Kanskje greier eg også å vekke utferdstrongen hos deg som les? Dette er eit av dei mest fascinerande områda i fylket vårt, og er vel verdt eit besøk.
Nordøyvegen, som opnar i slutten av august, bind Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Skuløya, Haramsøya og Lepsøya saman og gjer dei landfaste. Fastlandssambandet til dei tre sistnemnde øyane er allereie tatt i bruk, og det same gjeld tunnelen mellom Fjørtofta og Harøya. Berre tunnelen mellom Fjørtofta og Skuløya gjenstår. Men no er det altså berre snakk om veker, før verket er fullenda. Med til historia høyrer at det allereie rundt 1970 vart bygd molo og bru mellom Haramsøya og Skuløya, og på same tidspunkt mellom Harøya og Finnøya.

Ona, Husøya – dei to øyane er knytte saman med ei nokre få meter lang bru, Sandøya og Orta er ikkje omfatta av Nordøyvegen. For desse små øysamfunna blir ferjeruta Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona livsnerven også i framtida. Ruta går i eit svært verhardt farvant, og ikkje sjeldan høyrer vi om at ferja må innstille på grunn av dårleg ver. Men på fine sommardagar, som da vi tok turen 19. juli, er denne reisa ei naturoppleving av dei heilt sjeldne. Sommardisen gjorde til tider fotograferinga litt utfordrande. Det gjekk det vel nokolunde bra, trur eg. Ferjeturen, som no er gratis, tek halvannan time frå Småge til Ona.
Ferjeleiet Småge ligg lengst vest på Gossen. Herifrå brukar ferja 20 minutt ut til første stoppestad, som er Orta. Ferja er innom Orta fem gonger om dagen.

På Orta er det i dag berre 7-8 fastbuande. Øya har ein del hytter og fritidshus, så i feriar og høgtider går folketalet betrakteleg opp. På 50-talet budde det rundt 60 menneske her. Desse livnærte seg på fiske og jordbruk. Det er gjort funn av m.a. gravrøyser, pilspissar og kokegrop på Orta. Dette viser at her har det budd folk i uminnelege tider. Øya er om lag 1,5 km lag og 1 km brei. Høgste punktet er Rambjøra, som ligg 28 meter over havet.
Ei skildring frå 1761 skildrar Orta slik: Dette er en liden Smuk Øe, som ligger midt paa den store Orte-Fiord, men omgives af efterfølgende Øer, Otterøen, Harøen, Sandøen, Huusøen, Onens Fiskevæhr, Lyngevæhret og Gossen. Alle disse Øer giør ligesom en Circel om denne Lille Øe …

Stoppen på Orta varer berre nokre få minutt, før ferja via Finnøya – som vi kjem tilbake til i ein seinare artikkel – går til den vakre Sandøya. Innbyggartalet på Sandøya er i dag på i overkant av 30. I tillegg har øya over femti hus som blir bruka som fritidsbustadar. I areal er øya omtrent like stor som Orta. Høgste punktet på Sandøya er Bustihaugen (36 m.o.h.).

Sandøya har butikk, Sandøy Handelslag. På øya kan ein leige rorbuer og fritidsleilegheiter. Dei mange turistane bidrar til at butikken greier å halde det gåande.
Den åttekanta Sandøy kyrkje er frå 1812. Her er det 250 sitteplassar. Ifølge ein fire år gammal artikkel i Romsdals Budstikke, var det da fire gudstenester i året.

Heller ikkje på Sandøya blir det tid til å gå i land. Men frå soldekket på M/F Kvaløy får ein eit godt inntrykk av landskapet. Også frå Sandøy er det fem ferjeavgangar om dagen. Her kunne det ha vore fint å feriere i nokre døgn. Absolutt. Eg ser for meg at sykkelen hadde vore eit fint framkomstmiddel på ein plass som dette.

No er neste stopp Ona. Meir om det neste gong.
Les også:
Fin skildring av øyriket, eller noko av det. Opplysende med tilstrekkelig historisk informasjon til samanlikning føring no. Vi var ei helg på trivelige Sandøya i godt lag no i juni, og der hadde velforeninga satt fram sykler til fri disposisjon! Imponerande!
LikerLikt av 1 person