
Når oppgaveordet er fyr på tre bokstavar, veit alle som syslar med kryssord at løysinga som oftast er Ona. Ona er tema for denne andre reiseskildringa frå øyhoppinga vår.
Eg må innnleiingsvis presisere at artikkelen ikkje er forfatta av nokon ekspert. Tvert om. Forutan dei kjeldene eg har støtta meg på, er inspirasjonen til teksten reiseglede og ein landkrabbe sin fascinasjon for kystlandskapet.


Havstykket frå Sandøya til Ona er det mest opne på turen. Men denne dagen er det flatt hav. Forholda for mindre sjøvante er perfekte. Det karakteristiske fyret på Ona kjem nærare og nærare, og klokka 11 er vi i land. Vi har med bilen, da tidskjemaet denne gongen gjer at vi har berre ein time å områ oss på.
Vegane på Ona og Husøya høyrer strengt tatt ei anna tid til. Men det går godt. Og dei har definitivt sin sjarm. Her må ingen finne på å starte med vegarbeid! Med bil rekk vi over heile vegnettet på dei to øyane i løpet av nokre minutt, og vi har rikeleg med tid att til å rusle rundt mellom husa på Ona og fotografere før ferja går.

Øygruppa Ona består av dei to øyane Ona og Husøya, som til saman har eit flatemål på berre 0,8 kvadratkilometer. I dag bur det om lag 15 personar på dei to øyane. Ona er i dag i Norges sørlegaste levande fiskevær – og den nordlegaste bydelen i Ålesund! Kommunereforma sine vegar er uransakelege.




Etter siste krig var det på det meste 370 innbyggarar på Ona og Husøya. På 1950- og 1960-talet var det tre fiskemottak og tre butikkar her ute.
På Onakalven står det 14,7 meter høge fyret frå 1867. Fyret er eit kjent landemerke – og altså, ein kryssordgjengangar. Da Ingebrigt Steen Jensen i 2002 skreiv bok om motivasjon og leiing, kalla han like godt boka «Ona fyr».
I dag er Ona ein stille idyll, der dei fastbuande livnærer seg på fiske, keramikk og turisme. I sommarhalvåret har Ona open restaurant, der sjømat naturleg nok er ein del av menyen. På øya er det også overnattingstilbod av prima standard. Ona Havstuer er ein del av Classic Norway Hotels. På øya finst ein butikk, samt andre plassar der det går an å bruke pengar. Ona har også ei fin, kvit sandstrand. Gravplassen ligg på Husøya.

Orienterer ein seg litt i Ona si historie, ser ein derimot ikkje mykje til ordet idyll. Her har det ofte gått på livet laus i kampen for tilværet. I 1670 feia ei flodbølge over Ona og Husøya, og tok med seg mange menneske og dei fleste av husa. På denne tida bestod øysamfunnet av 50 husstandar. Historiene om forlis og familieforsørgarar som aldri kom att frå havet er her, som i alle andre fiskevær, mange.


Den dagen vi besøker Ona, viser kalenderen 19. juli 2022. Ei gruppe med turistrar, som tok same ferje som oss, legg i veg mot Husøya til fots. Dei er tungt lasta med sekkar og koffertar. På Husøya ventar sikkert fritidshus, eller kanskje slektningar.
På vår vandring mellom husa, ser vi folk som puslar med sitt. «De må gjerne sjå dykk rundt», høyrer vi plutseleg bak oss. Ein gjestfri mann tek ikkje på veg, sjølv om vi akkurat har kome i skade for å gå over plena hans.


Det kviler ein heilt spesiell atmosfære og ein velsigna ro over Ona. I området rundt ferjekaia er det for så vidt stor aktivitet. Men ingen ropar. Og ingen spring. Ein får berre så inderleg lyst til å reise tilbake hit.
Det skal vi da også gjere.







Eit skikkeleg fint innlegg om ein tur til Ona i juli 2022! Velkommen igjen, Lars Steinar 😀
LikerLiker
Tusen takk for det!
LikerLiker