
Etter eit minnerikt opphald på Ona, tok ferja oss med til Finnøya. Her hadde vi bestilt rom og resturantbord på Finnøy bryggehotell. Vi hadde store forventningar. Alle vart innfridd, og vel så det.
Hotellet ber namnet sitt med rette. Det ligg heilt ute på bryggekanten, berre nokre få meter unna ferjeleiet. I lokala til den gamle handelsstaden og fiskemottaket på Finnøya, har Classic Norway Hotels skapt eit anlegg med ein standard og atmosfære som ein skal leite lenge for å finne maken til. Hotellet byr på overnatting, restaurant, møtelokale, pub og landets største samling av norsk akevitt. Er du gjest ved hotellet, har du fri tilgang til badelandet Håp i havet, som ligg like ved. Eit hotellparadis, rett og slett.
Etter kvart har eg og Mette prøvd ut mange hotell og restaurantar både her til lands og i utlandet. Finnøy bryggehotell ga oss ei av våre finaste opplevingar. Reine og trivelege rom av høg standard, hyggeleg betening overalt og ein restaurant av høg klasse – kva meir kan ein forlange?
Før vi sjekka inn på hotellet, såg vi oss rundt på Harøya. Av ein eller annan grunn fekk eg for meg at eg skulle utsette fotograferinga til neste dag. Det var eit lite lurt val. Da vi stod opp morgonen etter, kom skodda drivande inn over øyane. Det vart etter kvart veldig grått.
Harøya er den mest folkerike av Nordøyane. Her bur det i underkant av 1.100 menneske, spreidd over 13,6 kvadratkilometer. Tettstaden Steinshamn var kommunesenteret i gamle Sandøy kommune. På Steinshamn ligg hjørnesteinsbedrifta I. P. Huse, som ved utgangen av 2021 hadde 87 tilsette.
På rundturen gjorde vi ein avstikkar til ni kvadratkilometer store Fjørtofta, der det bur om lag 130 menneske. Tunnelen mellom Harøya og Fjørtofta er allereie tatt i bruk. Vi køyrde vel omtrent det som finst av vegar på øya, og vart kjent med eit lite samfunn som for oss begge var fullstendig upløygd mark.
Mange vil sikkert hugse Ingebrigt Davik fra Barnetimen i radio og seinare barne-TV. Davik var fødd på Fjørtofta i 1925. Da han var seks år flytta familien til Brattvåg, der han har fått eit kulturhus oppkalla etter seg. Ingebrigt Davik døydde i 1991, berre 65 år gammal.


Da vi køyrde rundt på Fjørtofta, kom det for meg at da eg begynte på gymnaset på Tingvoll for femti år sidan, var det elevar både herifrå og frå Harøya blant elevane. Vi var berre 16 – 17 år gamle, og måtte greie oss på hybel. For dei mange surnadalingane som gjekk på Tingvoll var det ikkje lange reisetida heim. Men for elevar som kom frå øyane ute på Romsdalskysten, kunne det ikkje bli mange heimreiser i løpet av året. Eg vil tru at turen frå Tingvoll og ut til Fjørtofta i alle fall tok mellom fire og fem timar. På denne tida var det også skule på laurdagar.

Fjørtofta er ei av dei seks øyane som er omfatta av Nordøyvegen. Når anlegget står ferdig i slutten av august, startar ei ny tidsrekning for innbyggarane og næringslivet i desse samfunna. Eg meiner det må ligge eit enormt reiselivspotensial i Nordøyvegen. Saman med Atlanterhavsvegen vil Nordøyvegen utgjere ein heilt spektakulær akse mellom Kristiansund og Ålesund. Med Møreaksen på plass, blir dette reiselivsproduktet ytterlegare styrka.
Ut på ettermiddagen installerte vi oss på hotellet på Finnøya. Finnøya, litt over ein halv kvadratkilometer i aeral, er knytta til Harøya med ein molo. Her bur det rundt 130 innbyggarar. Øya er ei lita perle.

På Finnøya fekk vi oppleve ein nydeleg sommarkveld. Middagen i restauranten var utsøkt. Vi var heller ikkje åleine. Alle bord var opptatt. På ein tysdagskveld. Dagen vart avslutta med ein liten spasertur i området rundt ferjekaia, der vi fekk med oss ein mektig solnedgang.

Etter denne fabelaktige dagen med kortreist øyhopping, tok vi skodda neste morgon med godt humør. Returen heim starta med ferje frå Myklebust på Harøya til Brattvåg, via Fjørtofta og Dryna. På Sjøholt tok vi like godt av til Vaksvika, og køyrde over fjellet til Tresfjord.
Eg og Mette har gjort kortreiste ferieturar til vår eigen spesialitet. På denne turen, som no er skildra i tre blogginnlegg, kunne vi store delar av første dagen sjå heim til Bud. Å køyre dei breie hovudvegane er vel og bra. Men du verda for alle dei skattar som finst utanfor allfarveg – både i vårt fylke og andre stadar.
Det handlar om å ta seg tid.
Sjå.
Oppleve.
Vere nysgjerrig.





Les også:
Godt at heimplassen min innfridde, Lars Steinar. God beskrivelse, og du har rett, venter en litt for lenge så er godværet borte.
LikerLikt av 1 person