Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover

27. september 2021. Endeleg framme.

«Guttetur. Kun ein påmeldt» står det under dette bildet på Facebook. Det dukka opp som eit minne, og fortel at eg 27. sepember i fjor var på Tæla-tur heilt for meg sjølv.

I sju – åtte år har eg visst at hjartet på eit eller anna tidspunkt måtte få ei overhaling. At ein hyttesesong før eller sidan kom til å ryke, var eg derfor godt førebudd på. Det vart altså i år. Utanom påskehelga, har eg ikkje vore på Tæla i 2022. Hytteturar med både ein og fleire deltakarar må vente til neste år.

Sidan 1992 har eg skrive i hytteboka mellom 1.500 og 1.600 dagar. Hyttelivet har vore ein livsstil – og skal bli det igjen. Da beskjeden om operasjon kom, og eg samtidig kjente at kroppen begynte å bli heller lite samarbeidsvillig, var eg spent på korleis det skulle bli å bryte denne livsstilen. Men det gjekk overraskande bra. Eg greidde å realitetsorientere meg, og prøvde så godt eg kunne å leve etter mottoet til min kloke kamerat i Austre Lia: Ein må gjere det beste ut av dei dagane ein får – også når livet ikkje går på skinner.

Sjølv om ventetida før operasjonen etter kvart vart plagsamt lang, hadde eg heile tida leveregelen i bakhovudet. Alle dagar byr på positive mulegheiter – om ein grip dei. Ho som eg bur i lag med har same innstillinga. Mette er til uvurderleg støtte.

Når eg no driv og trenar meg tilbake til ein normal kvardag, er det viktig å tenke på same måten. Ein rekonvalesens byr både på opp- og nedturar. Eg har opplevd begge delar, men kan konstatere at hovedretninga på formkurven går nokså bratt oppover. Tidlegare i dag gjekk eg den lange trappa frå Bryggjen og opp til Ergan utan pause. For fire veker sidan låg eg i koma. Det er nesten så eg ikkje trur at det er sant.

Det ligg også ein sterk motivasjon i at eg neste år skal feire påske på Tæla. Eg diskuterte planen med ein lege, som til mi store glede sa at målsettinga er høgst realistisk. Det meste er opp til meg sjølv.

Bilda på telefonen (sjå bildeserie under artikkelen) viser at eg hadde gode dagar på Tæla for eitt år sidan. Veret var strålande. Eg dreiv med vedarbeid og rusla rundt i terrenget. Men kanskje gjekk alt litt tyngre enn eg eigentleg hadde ønskt? For å vere ærleg, så gjorde det vel det. Når eg tenker meg om.

No er den store reparasjonen unnagjort, og alt handlar om å sjå framover. Påskehelga ligg eit drygt halvår fram i tid. Før den tid skal eg gjere den jobben eg har lova meg sjølv å gjere. Overskrifta til heile prosjektet er mottoet til kameraten i Austre Lia.

Vedarbeid er ein triveleg hytteaktivitet.
Det er ikkje så verst å vere eremitt i slik natur.
Solnedgang 27. september 2021. Ein må følge med. Fargespel som dette varer som regel i berre eit minutt eller to.
På Tæla blir det aldri straumkrise.
Ein nydeleg haustdag.
Utsikt frå Fintenkjarplassen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s