Invadert av kjendisar

Kjendisar som ler av kvarandre i programmet Kåss til kveld. (Skjermdump frå NRK TV).

Eg er blant dei gammaldagse som likar å kose meg framfor TV-apparatet på fredags- og laurdagskvelden. No vurderer eg å finne på noko anna.

Fordi: Resirkuleringa av kjendisar, som vandrar frå kanal til kanal, frå program til program, ikkje lenger er til å halde ut. Eg er rett og slett drittlei av å bli invadert av desse PR-kåte, storkjefta og sjølvopptatte jyplingane.

Dei er overalt. Eg kan nemne i fleng programma Alle mot alle, 71 grader nord, Huskestue, Forræder, Farmen kjendis, Skal vi danse, Kompani Lauritzen, Beat for beat, Nytt på nytt, Lindmo, Verdens beste venner, Maskorama og Kåss til kvelds. Lista kunne heilt sikkert ha vore lengre, men eg kjem ikkje på fleire i farten.

Trua på at vanlege folk kan ha noko å fare med, ser ut til å vere tilnærma lik null rundt om på TV-kanalane. Eg veit ikkje kva som ligg bak denne tankegangen. Men kanskje er forklaringa så enkel som at programideane blir klekte ut av oslofolk som aldri har hatt kontakt med livet utanfor ring 3. Ein annan teori kan vere at kjendiseriet har samanheng med den evige jakta på yngre sjåarar. Rekruttering er viktig. Men sit ungdommen framfor TV’en og diggar den allestadsverande Morten Hegseth på laurdagskvelden? Neppe. Anten er denne målgruppa opptekne med PC’en, eller så er dei på fest.

Når ein har kome godt opp i 60-åra, og skriv ytringar som dette, er det lett å bli stempla som ein gretten, gammal gubbe. For all del, eg ser den. Berre for å ha sagt det: Eg meiner slett ikkje at alt var betre før. Innafor TV-bransjen har verda verkeleg gått framover. Gå inn på Youtube og finn eit underhaldningsprogram eller ei nyheitssending frå 70-/80-talet. Du forstår fort kva eg vil fram til.

Men sett med eit par langsynte, gamle journalistauge, blir altså den hemningslause kjendisdyrkinga eit uttrykk for at utviklinga på enkelte felt går feil veg. I mi tid som lokalavisredaktør var eit dominerande mantra at vi skulle vere til stades i folk sin kvardag, og skrive om det som opptok herr og fru Hvermannsen. Eg trur det var, og framleis er, ei god oppskrift. TV-kanalane sin tankegang er heilt motsett. Alt handlar om å vise fram breiale menneske, som oppfører seg og lever heilt annleis enn folk flest rundt om i landet.

Det er lett å bli nostalgisk når ein sit og fabulerer på denne måten. Vi som har levd ei stund, vil hugse Erik Bye. Bye var ein meister i å hente fram kvardagsmenneske frå heile landet til programma sine. Han skapte ei trygg ramme, som fekk gjestene til å opne seg og fortelje. Resultatet var at vi som sjåarar fekk innblikk i historier som både var til underhaldning og lærdom. Erik Bye stod for ein journalistisk tankegang, som i dag er fråverande både i NRK og alle andre kanalar.

Per Lønning saman med programleiar Knut Bjørnsen etter at toppremien var sikra. Bilde er høyrer til i Dagbladet sitt negativarkiv, som Norsk Folkemuseum overtok i 2003.

Dei moderne quiz-programma blir fylt opp av kjendisar med eit kunnskapsnivå som stort sett er omvendt proporsjonalt med sjølvbildet. Ideen med ein gammal klassikar som Kvitt eller dobbelt var å finne fram til deltakarar som var kvalifiserte på grunn av kunnskap – og ikkje noko anna. Vi fekk møte folk som vi aldri hadde høyrt om. Mange av desse demonstrerte kunnskap på eit nesten ufatteleg høgt nivå innafor sine fagfelt. Og kanskje var akkurat det, at heilt vanlege menneske skapte den sitrande spenninga på laurdagskvelden, sjølve suksessfaktoren for eit program som Kvitt eller dobbelt? Eg trur det. Notidas programmakarar ser heilt annleis på den saka.

Av dei gamle Kvitt eller dobbelt-heltane frå 1960-talet hugsar eg spesielt ein. Potetbonden Per Lønning frå Stord, far til den seinare TV-profilen Per Ståle Lønning, vann toppremien på 10.000 kroner takka vere sine enorme kunnskapar om «Tusen og ei natt». Etter den tida sin målestokk fekk vel Lønning og dei andre som vann 10.000 kroner ein slags kjendisstatus. Men tida i rampelyset, som heller ikkje var særleg sterkt på den tida, var kortvarig. Vinnarane gjekk tilbake til kvardagen og levde liva sine som før, ei halv årsløn rikare. Ingen av dei starta eigne TV-program, der dei inviterte dei andre Kvitt eller dobbelt-deltakarane som gjestar. Per Lønning døydde for øvrig i 2002, vel 89 år gammal.

Etter å ha lese denne artikkelen, vil mange sikkert lure på om eg har gløymt at TV-apparatet har ein av-knapp. Det er jo berre å slå av og la kjendisane segle sin eigen sjø. Men er ikkje dette argumentet litt for enkelt? Eg kjenner ingen som betaler for kanalpakkar i dyre dommer og kjøper TV-apparat til titusenvis av kroner berre for å trykke på av-knappen. Folk vil ha valuta for pengane.

Og ikkje minst: Dei krev å bli tatt på alvor.

Les også: Når PR-kåte programleiarar står i vegen

Les også: Dessverre, no er det nok

4 kommentarer om “Invadert av kjendisar

  1. Så presist beskrevet som mulig, Lars Steinar. Vit at du ikke er den eneste med disse tankene og meningene. Godt at noen av oss setter ord på det, så får vi andre stille oss i køen av supportere. Takk igjen for et glimrende innlegg!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s