Helgefred og tallerken med gullkant

Søndag. Ein av sju dagar i veka – i enden av helga. Skrifta seier at vi skal halde kviledagen heilag. I vår tid kan det vere så som så med helgedagsfreden. Dei raude dagane på kalenderen har mista mykje av både glans og status. Dessverre.

Folk må få leve liva sine slik dei vil. Likevel vil eg slå eit slag for helga, som dagar der ein pustar på og løftar tilværet litt ut frå den kvardagslege tralten. Som pensjonist er det enkelt å få dette til. For travle småbarnsfamiliar, med både mor og far ute i full jobb, er utfordringane sjølvsagt heilt annleis. Det er lett å sjå. Og det skal vi ha respekt for.

I Robinsonmarka 26 bur det no to pensjonistar. Vi tek stort sett dagane som dei kjem. Målet er å gi dei meiningsfylt innhald. Når du blir eldre, er det lettare å sjå at kvar dag er ei gåve, som du etter beste evne må prøve å ta vare på. Vi skal ikkje ta noko for gitt – verken når det gjeld det private eller det store, globale bildet. Derfor tykkjer både eg og Mette at det er triste å høyre når folk snakkar om å «slå i hel tida». Noko så destruktivt! Tida er, når alt kjem til alt, det mest verdifulle vi har. Går vi ut av tida, er det jamnt slutt.

Her i huset har vi også funne ut at sjølv om veka no består av sju fridagar, så er det viktig å oppretthalde ein forskjell på kvardag og helg. Når fredagskvelden kjem roar vi ned, og startar helga med eit godt måltid. Det er ein fin tradisjon, som betyr mykje for oss begge. Mette er også nøye på at til dette måltidet skal tallerkane med gullkant fram. Dei brukar vi berre på helg. Ein liten detalj, ja, sjølvsagt. Men ikkje alt smått er uviktig. Tvert om.

Ein gong i tida kjente eg eit par, som etter middagen hadde som fast skikk å sette seg ned i lag med ein kaffekopp. Dei drakk kaffen utan noko attåt – unntatt laurdag og søndag. Da var det ein sjokoladebit til. Eg tykkjer dette er ei flott historie om kor verdifullt det er å krydre livet med små gleder.

Helgeskikkane har endra seg. Før i tida var det vanleg at folk pynta seg til helga. Frå barndommen hugsar eg gammelonkel min på Gjeret, han Ola. Når fjøsstellet var over laurdag, tok han fram barbersakene og raka seg. Så kom helgekleda på. Etter at denne seremonien var over, gjekk Ola sommars dag ut på trappa og sette seg ned med kikkerten. Da var det helg. Fleire burde gjere som Ola, også i dag.

Ordet helg kjem frå gammalnorske helgr, som igjen er avleidd av heilag. Helg er altså ein heilagdag. I moderne praksis blir helga definert som perioden frå arbeidstidas slutt fredag til måndag morgon. Helga har strekt seg sidan 60- og 70-talet. På den tida var også laurdagen arbeidsdag, med litt færre arbeidstimar enn elles i veka. Det var skule på laurdag i heile mi tid i grunnskulen. På Tingvoll gymnas kom laurdagsfri først frå hausten 1974.

No ser vi klåre tendensar til at også fredagen er på veg til å forsvinne som ordinær arbeidsdag. Dei åra eg dagpendla frå Hustadvika til Sunndalsøra, observerte eg at trafikken inn til Molde var påfallande mykje mindre fredag morgon enn dei fire andre arbeidsdagane. Heimekontor var vorte vanleg i dag. For mange er det tydeleg at det passar veldig bra med heimekontor på fredag…

Det er ein strålande haustsøndag her i Bud. Når siste punktum er sett i denne epistelen, blir det etter kvart ein tur ut i sola og den klåre lufta. «Ikkje la søndagen bli tatt frå deg. Hvis sjela di manglar søndag, blir ho foreldrelaus», sa den franske teologen, legen og musikkforskaren Albert Schweitzer.

Ei påminning som er vel verdt å tenke over. Om ikkje anna.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s