November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket

Likar du våren, samtidig som du opplever hausten som håplaus og dyster? Da er du i tilfelle på parti med mange. Vi som har ei omvendt oppfatning, er meir som ei utgruppe. Vi tør nesten ikkje å seie det høgt. Men det får stå sin prøve: Eg høyrer med blant dei som kosar meg med hausten, og ikkje minst november. Våren har eg aldri hatt noko forhold til.

Det vil seie, vårskiturar i fjellet er noko av det finaste eg veit. Å gli over Tæla på fint skiføre ein dag seint i mai, iført shorts og t-skjorte, toppar det meste. Men elles? Vatn, søle, slaps og stress. Alt skal skje på ein gong. Folk står med rauva i veret i hagen dagen lang. Dei plantar, luker og dregst. Nei, det er ikkje noko for meg. Våren har slik ei uro over seg.

No viser kalenderen november. Denne månaden, som minner oss om at jula ikkje er så langt unna, ber med seg ein fred som eg faktisk trur vi menneska har godt av. Dagane er korte. Kvelden og mørket kjem fort. Eg kjenner meg privilegert, som opplever denne tida som ei årleg gåve og ei kjelde til mental påfyll.

Eg søkte på nettet, for å sjå om det finst andre som er like vrangsnudde som meg. Og sanneleg, den som leiter, han skal finne. Eit treff eg beit meg spesielt merke til, var bloggen til ei som heiter Ragnhild Helena Aadland Høen. Ho er skribent, kommunikasjonsleiar og katolikk. I blogginnlegget «Jeg liker november» kom eg over fleire avsnitt, som eg kjente meg att i. Her er eit par utdrag:

  • November er ikke noe stress. Det er lite som skjer. Ingen ferier, ingen oppstarts- og planleggingsmøter, ingen avslutninger i hytt og pine vær. Finnes det noe mindre pretensiøst enn november?
  • Det er ingen som har store forventninger til november. I november er det lov å være hjemme og ikke måtte finne på så mye hele tiden. Det er lov å føle seg som måneden; grå og litt sliten. I dvale. Det er lov å være inne med god samvittighet, for været innbyr sjelden til verken høst- eller vinteraktiviteter.

Ja, finst det noko mindre presentiøst enn november? Nei, eigentleg ikkje, vil eg svare. I alle fall ikkje blant årets tolv månader. Ingen forventar noko av november. Og november krev ikkje noko av deg. Det er eit framifrå utgangspunkt for gode dagar, utan dårleg samvit for plena som ikkje blir klipt eller for verandarekkverket som skrik etter eit strøk med måling.

Bjørnson vart inspirert av våren, og valde seg april. Men også hausten har gitt grobotn for kunst, både i ord og tonar. Medan eg skriv desse linene snurrar plata «November» med jazzgitaristen John Abercrombie på CD-spelaren. Det er ei neddempa og stemningsfull plate, som ber namnet sitt med rette. Innspelinga vart gjort i november 1992.

Det er heller ikkje så vanskeleg å finne fine dikt med utspring i denne mørke tida av året. Frå bloggen til Ragnhild Helena Aadland Høen hentar eg «Novemberlys», skrive av svenske Irene Henrysson:

Du tenner ikke lys i juni.
Den klare flammen blekner
i sommerens svale skumring.
Den høye hvelving over meg
har ikke plass til mer lys.

Jeg lengter etter november,
når hvert lys har liv,
når hele det store mørket
må vike
for en eneste liten flamme.

Ikkje sant. November byr både på håp og lys. Vi må berre sjå det, og ikkje grave oss ned i destruktive tankar om kor lenge det er til vår og sommar. Eigna til å skape hauststemning er også Hans Børli sitt dikt «Stjernene i november»:

Stjernene i november,
store, klare
over lasete
lauvfallslier:
Utkjempet sorg,
ensomhet, ord
fra tusen uskrevne
kjærlighetsbrev,
brodert med nennsomme sting
av glitrende sølvtråd
på himmelens djupblå fløyel.

Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørket, som det gamle ordtaket så klokt seier. Eg skriv denne epistelen den andre fredagen i november. Idet eg nærmar meg siste punktum, sig mørket inn over Buaværet. Det ausregnar. I huset er det lyst og varmt. Frå kjøkkenet kjem ein eim av farikål.

Dette blir nok ein bra novemberkveld. Ja, det er eg heilt sikker på at det blir.

Novemberlys ved havet.

En kommentar om “November: Det er betre å tenne eit lys, enn å forbanne mørket

  1. Du fikk meg til å se november på en litt annen måte, men ikke hele november. November (siste halvdel) melder stresset seg. Da blir det planlegging for oss på Frelsesarmeen for årets julrgryte og julehjelp til de som har mindre og rutte med enn meg og deg.Vi arrangerer også julemiddag for pensjonister (neste onsdag)
    og for rus og psykiatri nærmere jul.
    Stressfaktoren er høy spesielt den siste gruppa .
    Arbeidsomt er det, men et givende arbeid når vi ser hvor mye det betyr for de som får hjelp.
    Ps. Vi klarer godt å finne dag og tid for besøk fra Bud også.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s