
Nokre juleminne sit sterkare i enn andre. Dei er alltid like gjeve å ta fram. Alle åra har gjort glansen rundt dei ekstra forgylla. Gode minne er ein sterk ballast å bere på gjennom livet.
I barndomen min var ein fast vending like før jul å besøke Margrete og Pe i Rabbastua for å utveksle julepresangar. På sekstitalet sparka vi frå Kvennbø til Rabbastua. Ein slik tur er det lenge sidan nokon har gjort no. Sparkføre etter riksvegen er noko som høyrer fortida til.
Hos Margrete og Pe rådde ein atmosfære fylt av fred og harmoni. Dit var det alltid godt å kome. Folket i huset var ikkje av det stressa slaget. Margrete serverte kaffe til framandfolket, medan Pe fortalde historier og spurte etter nytt. Han var ein forteljar av dei sjeldne. Margrete heldt fram med julegåvene også etter at eg vart vaksen. Den siste frå ho, ein fin vase, har eg framleis.
Mot slutten av adventstida vart det som regel også ein tur med pakkar til Bøfjorden. Å køyre over Nordmarka, der det var vebju og høge brøytekantar, var som eit eventyr for ein liten kar. Den tente grana ved samvirkelaget i Bæverfjord vitna om at høgtida nærma seg. Det gjorde også stjernene i stueglasa rundt om i heimane. Pynten var elles noko meir neddempa på denne tida. Lenker, lys og lamper i hus og hage, slik ein ser så mykje av i dag, var det ingen som hadde.
Ein sein ettermiddag i desember i fjor køyrde eg frå Skei til Halsa. Også denne dagen låg snøen kvit og fin oppe på Nordmarka og over Åsskardhøgda. Det var skyming, og skogen hadde pynta seg med vakker vebju. Eg kom til å tenke på juleturane på sekstitalet. I vinterkledde Settemsdalen stoppa eg midt i vegen, og foreviga gjennom frontruta det som plutseleg kom over meg som eit glimt av barndommens jul og advent.
Ein tradisjon som eg fekk inn med morsmjølka, og som eg sidan har halde fast ved, er julehefta. Tidene skiftar, og mange av dei hefta som var fast inventar i julestua for femti år sidan er borte no. Men nye, mange av dei med lokalhistorisk innhald, har kome til. Utvalet er stort. Sjøl er eg så privilegert å få redigere Jul på Nordmøre og årsskriftet til Stangvik Historielag. Jul på Nordmøre har kome ut i over åtti år. Ein skulle kanskje tru at ein slik publikasjon vart for gammaldags i vår digitale tidsalder. Men salstala viser noko anna. Jul på Nordmøre sel framleis svært godt, og er ein kulturinstitusjon som vi også i framtida må verne om.
Eg har fleire favorittar blant julehefta. Nr. 91 Stomperud, Tuss og Troll, Vangsgutane og Smørbukk er heilt uunnverlege. Det første juleheftet med Smørbukk vart utgjeve i 1941, tre år etter at teikneseriefiguren debuterte på trykk i Norsk Barneblad. Vangsgutane er jamaldringar med Smørbukk. Leif Halse skapte serien i 1940, medan det første juleheftet kom i 1941. Den evige soldaten Stomperud såg dagens lys i Norsk Ukeblad i 1937. Juleheftet har vore fast inventar i norske heimar frå 1938.
At Dagbladet for nokre år sidan omtala Vangsgutane som «norsk metafysikk for viderekomne» og vidare mistenkte Smørbukk-elskarar for å vere «forblinda av nostalgiens ertesuppetjukke tåke», gjer meg trygg på at dette er julelektyre med kvalitetar i seg. Ikkje alle er fødde på Grünerløkka. Og ikkje alle har utvikla urbant trongsyn. Det finst ein sivilisasjon nord for Sinsenkrysset også.
Folk feirar jul på ulikt vis i dag, og ikkje all legg det same i høgtida. Men forventninga kan vi kanskje alle ha felles? Ei forventning som ikkje kan skildrast stort finare enn det Sigurd Hoel gjer i si forteljing «Julen»:
«I de mørke, våte dagene i slutten av september og begynnelsen av oktober tenkte han oftere og oftere på julen. Han så den som et fjernt lys dypt inne i den mørkeste enden av året, en rute som lyste langt borte ved veien en mørk og stille vinterkveld.»
(Denne artikkelen er tidlegare publisert i Jul på Nordmøre).
