Ein lysfest for håp og fred

Klassisk norsk julekortmotiv. Mølbach, Olaf Christoffer | Mittet &. Co. As.

Det finaste med jula er historia om korleis det svakaste vinn over det sterkaste. I julefortellinga er eit nyfødd barn sterkare enn den største krigsmakt.

Orda tilhøyrer Ole Paus. Han er ingen teolog. Men den gamle rabulisten, som ikkje lenger er så rabulistisk, er ein treffsikker ordkunstnar. Slik kan ein lekmann oppsummere heile jula ved hjelp av berre to setningar.

Jul kan vere alt frå å feire at sola snur, til å ta innover seg at vi små menneska er ein del av noko som er så mykje større enn oss sjølve. Juleevangeliet kan sjåast på som eit eventyr som ikkje betyr noko, eller det kan lesast som ein bodskap om håp for folket på jorda og som en vegvisar til fred på jord. Vi kan tru. Vi kan la være å tru. Eller: Vi kan tvile.

Juleevangeliet er i mi verd ei sterk fortelling. Ei fortelling som strekker ein himmelkvelving over tilværet, og som bidrar med viktige bitar i det store puslespelet som skal vise meininga med livet. Eit nyfødd barn, som er sterkare enn den største krigsmakt. Ole Paus si tolking av evangeliet fortel meg at det ikkje er bortkasta å vere pasifist.

Eg ønsker alle ei fin og fredfull jul. Vi har alle godt av denne lysfesten midt i mørketida – enten vi no feirar solsnu eller Jesu fødsel. Det viktigaste er at vi skaper hygge og livskvalitet for oss sjølve og dei som er rundt oss.

Julekortnostalgi.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s