
Det er tid for å gjere opp status for 2022. Vi i Robinsonmarka 26 lever eit stabilt og enkelt liv. Sjølv om konklusjonen er at vi har det godt på alle vis, baud fjoråret også på sine utfordringar.
For min del vart 2022 eit spesielt år. I februar fekk eg beskjed om at tida for ein lenge varsla hjarteoperasjon var inne. Det skulle gå nesten sju månader til eg vart innlagt på St. Olavs Hospital. Heile sjukehussystemet var på etterskot som følge av pandemien. I tillegg fekk eg sjølv korona i mars, noko som truleg forlenga ventetida før operasjonen med rundt ein månad.
Vi feira påske på Tæla på vanleg måte. Da eg kjente kor mykje det kosta å kome seg dit, forstod eg at legen som ville ha meg operert verkeleg var inne på noko. Eg tok eit par korte skiturar innover Tæla, men hadde inga glede av dei. Det vart med desse hyttedøgna i 2022. Ein merkeleg situasjon, som det tok tid å venne seg til. Sidan 1992 har eg hatt over 1.500 dagar, fire år, på Tæla. Plutseleg var hytta i praksis utilgjengeleg. Sommaren vart tungsam.

Men som kjent er det slik at når ein ventar på noko godt, ventar ein ikkje forgjeves. I august kom endeleg innkallinga frå sjukehuset. Utviklinga frå eg vakna etter operasjonen, til eg fire månader seinare spring trapper og går så lange og harde turar som eg berre lystar, er eit samanhengande eventyr. Vi har eit fenomenalt helsevesen i Norge. No ber det snart til Røros i fire veker for å toppe formen. I slutten av februar skal det jammen gå fort opp Kvennbøliene!
Heller ikkje i 2022 vart det tur til Kreta. Vi saknar øya, dei fine plassane som vi har gjort oss kjent med og alle venene. No set vi vår lit til 2023.
Innafor dei rammene som formen tillet, fekk vi da likevel lufta oss litt. I mars dro eg og broder Ole Magne til Vikersund og VM i skiflyging. Ein gammal draum gjekk i oppfylling. Gåturen frå shuttlebussen og opp til sletta vart rett nok drygare enn eg hadde rekna med, men med nok pausar kom eg da fram.

Dei to hopprenna vi fekk med oss var opplevingar for livet. For ei stemning. For eit folkeliv. For eit arrangement. Og for eit dundrande klimaks, da Marius Lindvik, berre få meter unna oss, planta skiene i bakken i sistehoppet og susa ut på sletta som verdsmeister. Hopprenn fungerer godt på TV. Godstolen kan likevel ikkje måle seg med ein plass ringside i bakken.
Den største utskeiinga i fjor, i alle fall i geografisk forstand, vart ein biltur til Östersund i slutten av mai. Mange vil kanskje meine at det ikkje er så mykje spektakulært ved denne byen. Men Östersund er ein vennleg by, omgitt av eit flatt og mektig jämtlandsk landskap. Eg og Mette trivst her. Det vart mange gode opplevingar og to netter på eit hotell midt i sentrum.

I løpet av opphaldet besøkte vi museet Jamtli, som ligg berre ein kort spasertur utanfor den tettaste bykjerna. Her finn ein friluftsområde med historiske miljø, innandørs museum med utstilllingar frå steinalderen og fram til i dag, samt mykje kunst. Jamtli er verkeleg verdt eit besøk.
Bilturar treng ikkje alltid å vere så lange. I alle fall ikkje for den som bur i Møre og Romsdal. Fylket vårt er utruleg rikt på kortreiste gleder. Desse prøver vi å utnytte, så godt vi kan.

6. juni gjekk turen til Smøla og Veiholmen. Det vart ein strålande dag i vakkert kystlandskap. Framsynte politikarar har gjort desse øysamfunna lett tilgjengelege, til glede for både fastbuande og turistar. Eg hugsar kommunikasjonsforholda på ytre Nordmøre da eg starta som journalist for 46 år sidan. Det var lange og mange ferjeturar, dårlege vegar og mykje venting. Dei endringane som har skjedd, er eit mirakel.
Det same kan ein seie om det som Nordøyane no opplever. I august stod Nordøvegen ferdig. Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Skuløya, Haramsøya og Lepsøya vart landfaste. 19. og 20. juli gjorde vi ei «øyhopping» i dette området. Vi tok ferja frå Småge ut til Ona, med anløp på Orta, Finnøya og Sandøya. Etter ein times opphald på Ona, vart vi med ferja tilbake til Finnøya. Her ligg Finnøy Bryggehotell, der vi overnatta. Etter kvart kan vel eg og Mette seie at vi har prøvd ein del hotell både i inn- og utland. Hotellet på Finnøya kan måle seg med dei aller beste. Rett og slett toppklasse. Ja, verdsklasse når det gjeld atmosfære, vil eg seie.

Heile Nordøyvegen var ikkje opna enno. Men vi kom oss til Fjørtofta. Neste dags ferjetur frå Myklebust på Harøya, med anløp på Fjørtofta og Dryna før endestasjonen Brattvåg, hadde vi store forventningar til. Men dessverre kom skodda og tok bort all utsikt. Vi var eininge om at det ikkje gjorde noko. Den flotte sommarkvelden på Finnøya vog opp for alt, og meir til.
27. oktober vart det ny tur ut til dette øyriket. Nordøyvegen var for lengst opna, og den måtte utforskast. Eg hadde med meg min gode kompis Nils Arne (91), ein usedvanleg interessert og velinformert passasjer, denne dagen. Det vart ein overlag triveleg guttetur. Eg trur vi lærte litt nytt begge to. Av kvarandre, og av det vi såg.

Så er kanskje den kortreiste turen eg hugsar aller best i fjor, den eg og Mette gjorde på sykkel mindre enn ei veke før operasjonen. Vi koka på termos og smurte matpakke. Inne i Harøysundet rasta vi ute på eit berg, der vi kosa oss både lenge og vel. Veldig lite avansert, eigentleg. Samtidig er det heile poenget. Det gjeld å ta vare på dei små gledene i kvardagen. Det er dei som i det lange løp gir livet meining og skaper trivsel.
Sjølv om månader med dårleg form og ein stor operasjon kasta skyggar over 2022, vart plusskontoen også for fjoråret relativt fyldig. Den aller største gåva er sjølvsagt eit nyrenovert hjarte, som har gitt meg eit nytt liv. Ein blir så takknemleg og audmjuk, at det knapt finst ord.
Innafor familiekretsen er det godt å slå fast at store og små ter seg vel og er ved god helse. Vi gler oss over Daniel og Benjamin på Tau, som veks til og blir sjølvstendige, reflekterte verdsborgarar. Eg og Mette har berre to barnebarn. Det er ikkje så mange. Til gjengjeld har vi dei to beste.
Det er viktig å ha det bra med seg sjølv og dei næraste. Men når ein ser folk kokar suppe over open eld ute på gata i Ukraina, er det nesten så det går på samvitet laus. Vi lever i ei urettferdig verd.
Krigen har vart i snart elleve månader. Verda har ikkje råd til at Russland vinn. Eg skal ikkje meine noko om korleis dette kjem til å utvikle seg. Det vi alle ser, er at det ved årsskiftet ikkje finst teikn til dialog eller fred. Utsiktene er dystre.
Russland sine systematiske angrep mot sivile mål i Ukraina er brot på folkeretten. Det er for lengst dokumentert at Putin er ein av dei største krigsforbrytarane i historia. Men vil han nokon gong bli straffa? Det er vel ikkje så sikkert.

Krigen har også på indirekte vis nådd landet vårt og resten av den vestlege verda. Sterk prisvekst på dei daglegvarene ingen av oss kan unnvere, dyrare straum og auka prisar på drivstoff har sendt hushaldningane sine utgifter til himmels. På toppen kjem renteauken, som for dei med store lån svir kraftig. Det er ikkje uvanleg at nyetablerte familiar har både fire, fem og seks millionar i lån i dag. Eit prosentpoeng i renteauke gir ein årleg meirkostnad på 10.000 kroner for kvar million. Frå august 2021 til i dag har styringsrenta gått frå null til 2,75 prosent. Enno er ikkje toppen nådd. Reknestykket er brutalt.
Folk flest i Norge fekk det verre i løpet av 2022. Ein del av oss kan heilt sikkert tole litt redusert levestandard. Ja, kanskje vi til og med har godt av det. Men langt frå alle har det slik. Talet på dei som har hamna under fattigdomsgrensa, har auka i landet vårt det siste året.
Det er mykje å gle seg over, men heller ikkje så reint lite å vere uroa for. Det må vel vere ein slags status ved inngangen til 2023. Meir enn nokon gong treng vi felleskapet og kvarandre, slik både statsminister Jonas Gahr Støre og kong Harald påpeika i nyttårstalane sine. Eg let den kloke kongen vår avslutte denne nyttårsbetraktninga:
«Det er en tid for å se hverandre nå. Tenk om vi alle hver dag kunne spørre et menneske som kommer i vår vei: Hva kan jeg gjøre for deg? Tenk hva det kunne føre til av gode opplevelser og øyeblikk! Det koster ingenting, bare litt hverdagsmot og ekstra omtanke.»
Andre artiklar på Fintenkjarplassen og Skrivemaskineriet Vebju som er relatert til dette blogginnlegget (klikk på titlane):
Endeleg var vi der!
Vårleg idyll, men truande vind frå aust
Pinseutflukt til øyparadiset Smøla
Ein historietime i Jämtland
Ein liten detalj
Kortreist kvardagsglede
Øyhopping (1): Små øysamfunn – stor natur
Øyhopping (2): Fyr på tre bokstavar
Øyhopping (3): Vi fann hotellparadiset på Finnøya