
Tredemølle, styrketrening og romaskin. Plutseleg vart det mykje nytt å forhalde seg til for eit gammalt hovud og ein ditto skrott.
Den eventyrlege oppussinga på Unicare Røros er i gang. Om plassen er det ikkje anna å seie enn at dette er eit fantastisk anlegg. Institusjonspreget er fullstendig fråverande. Dei tilsette er fagleg kompetente, og gjer alt dei kan for å skape trivsel. Maten er prima. Du skal verkeleg ha store tilpasningsvanskar, om du ikkje finn deg til rette her.
Eg har aldri før i mitt liv før sett mine bein i eit treningsrom fullt av alskens apparat. Men no har det altså skjedd. Eg kan vel innrømme det først som sist: Det var i grunnen mykje kjekkare enn eg trudde. Eg konstaterer at evna til å ta inn nye impulsar enno ikkje er heilt borte.
Ja, til og med den første timen i bassenget framstår i ettertid som ei triveleg hending. Klorvatn har aldri vore min favoritt. Men dette gjekk da verkeleg an. Fin trim og god stemning. Fordommar står for fall. (Teksten held fram under bildet).

I løpet av fire veker skal vi gjennom eit omfattande og variert treningsprogram. Ein stor bonus med opphaldet er å få bli kjent med andre menneske, som ut frå ulike årsakar har behov for rehabilitering. Alle har vi ei historie å fortelje. Gjennom å lytte og by litt på oss sjølve, kan vi hauste inspirasjon og lære av kvarandre.
Dei første dagane har mykje av tida gått med til å sette seg inn i alt det nye. Eg ser at dette blir bra. Tida kjem nok til å gå fort.
Rehabiliteringssenteret på Røros vart bygd av LHL. Opninga skjedde i 2003. I 2019 tok Unicare, som driv ulike former for rehabilitering elleve stader i Norge, over drifta.

4 kommentarer om “Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet”