
Den første veka av den eventyrlege oppussinga er allereie unnagjort. Det er stille søndag på Unicare Røros. Mange er heime på helgeperm. Vi som er her, disponerer tida som vi vil.
Opprinneleg plan var å ta ein skitur denne søndagen. Men veret er ikkje det aller beste. Dessutan er det mykje sport å sjå på TV. Skiflyging trumfar det meste.
På mange måtar er dette eit spesielt liv. Vi oppheld oss i ei boble, med dagleg program og måltider til faste tider. Maten er forresten utruleg bra. Det er lett å trivast her. Ikkje minst ligg det mykje inspirasjon i å kjenne korleis kroppen etter berre ei veke responderer annleis enn da eg kom. Alle i mi gruppe har kvar vår ståstad. Derfor må måla for opphaldet også vere individuelle.
Laurdag kveld bevega eg meg ut av bobla, og tok ein spasertur inn til sentrum. Eg la inn ein pause på ein høveleg plass, og kobla av med litt livsnyteri. For ein som har lett for å trivast i eige selskap, var det godt å sitte slik for seg sjølv å berre sjå på folk og la tankane flyge.
Det er lite snø på Røros, men likevel full vinter. Temperaturen held seg stort sett nokre grader under null. Her må vi skrape is av frontruta på bilen, og det knirkar under skoa når ein går. Det er berre så triveleg. Reint nostalgisk, faktisk.
Den kilometerlange strekninga inn til sentrum laurdag kveld var nesten som eit eventyr i seg sjølv. Gnistrande ver, og ein by som i vinterkvelden møtte meg som det finaste prospektkort. Røros er noko for seg sjølv. Det er ikkje rart at denne perla står på verdsarvlista.
Straks er det ny veke og nye sjansar. Men først skiflyging, og så ei økt i treningsrommet. Eller kanskje omvendt. Det er eit sunt liv.

3 kommentarer om “Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla”