
Programmet er ikkje strengare her på Unicare, enn at det blir tid til litt eigenaktivitet. Onsdag ettermiddag innvilga eg meg ein liten biltur. Den hadde to formål: For det første var det viktig å starte opp bilen, som ikkje er vand med temperaturar under 20 kuldegrader. Nedsnødd var den også. I tillegg inviterte det fine vinterveret til å sjå seg om.
Eg har vore på Røros mange gonger. Men når ein fer som turist, blir det mest å opphalde seg i sentrum. I dag sette eg kursen austover forbi Hittersjøen, før eg tok av i retning gruvefeltet Storwartz. Eg snudde før det planlagte målet Olavsgruva, da vegen oppe på snaufjellet var faretruande glatt og polert. Å køyre av vegen i dette ingenmannslandet verka ikkje særleg forlokkande.
Storwartz-feltet var eit av Røros Kobberverk sine viktigaste gruveområde. Her var det sammenhengande gruvedrift frå 1645 til 1972. Storwartz er ein del av verdsarven Røros bergstad og Circumferensen. Storwartz-området, som dekker eit areal på ca. 4,5 kvadratkilometer, har ni hovedgruver: Gamle Storwartz gruve, Nye Storwartz, Hestekletten, Myrgruva, Christianus Qvintus, Nyberget, Olavsgruva, Nye Solskinnet og Gamle Solskinnet.
Her, inne på det forblåste snaufjellet, ligg det ei fantastisk industrihistorie. Det gjer innntrykk å sjå dei gamle bygningane. Gruvedrifta skaffa arbeid til mange. Men nokon dans på roser var det nok ikkje å tene til livetsopphald her.
Turen vart litt kortare enn planlagt. Men eg fekk ei flott naturoppleving i det storslåtte, ja, nesten endelause, landskapet. Før middagen kalla, rakk eg ein liten runde i sentrumsområdet. Som det første bildet i serien under viser, har det vore kaldt på Røros i dag. Det blir fyrt med ved.
(Kjelde: Rørosmuseet).





Les også:
2 kommentarer om “Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur”