Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Ei gammal høyløe. Ei til ligg litt skjult i skogen til venstre.

Plutseleg var halvparten av opphaldet her på Røros unnagjort. I alle fall nesten. Laurdag klemte eg inn ein svipptur over riksgrensa mellom frokost og middag. Det vart ei flott utflukt i eit eventyrleg vinterlandskap.

På tilbaketuren tok eg meg tid til å køyre eit stykke utover Tamneset, som stikk ut i Aursunden. Der dukka det plutseleg opp ei prektig høyløe. Eg stoppa for å ta bilde. Løa vekte assosiasjoner til heimeleg trakter, og ikkje minst til alt bokarbeidet saman med Torbjørn og Erling.

Løer som dette er som regel veldig gamle. Folk reiste ikkje mykje på den tida da denne løa vart bygd. Men dei levde heller ikkje heilt isolerte. Byggeteknikkar og mange andre skikkar spreidde seg over landet. Løa på bildet kunne like godt ha stått i Kvenndalen. Ein fascinerande tanke.

Elles går den eventyrlege oppussinga sin gang. Formen kjem seg, dag for dag. Styrketrening, intervalltrening og lange turar utandørs gjer underverk. Torsdag var utedag, som for min del enda med ein skikkeleg gåtur på rundt åtte kilometer med full gass. Det er utruleg å berre kunne ta i, og kjenne at kropp og kondisjon spelar på lag.

Før sjølve gåøkta, fekk vi med oss eit museumsbesøk og starten på Femundløpet. Femundløpet er ei storhending på Røros. Starten skjer midt i sentrum, og det er stint med folk på begge sider av Kjerkgata når hundane tek laus.

Dei som konkurrerer i den lengste løypa på 650 kilometer, køyrer heilt ned til Trysil før dei snur. I år har deltakarane hatt både sprengkulde og snøfokk. Uvande med slike forhold er dei sjølvsagt ikkje. Men likevel er løpet litt av ei kraftprøve. Det er i alle fall heilt sikkert.

Når desse linene finn vegen frå tastaturet og ut på verdsveven, er det søndag. Det vart ei utflukt i dag også. Utflytta sambygding frå Surnadal, Olav Sæter, inviterte meg ut på ein seightseeing i området rundt Røros. Det vart ein svært triveleg og lærerik historietime, som eg takkar så myke for.

Veke tre på Unicare står for døra. Det er berre å stå på.

Les også:

Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet

Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

3 kommentarer om “Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

  1. Takk for fine innlegg Lars Steinar. Du får uttrykt det jeg og har opplevd her på Røros disse ukene. Dette har vært inspirerende uker.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s