
Legar er forskjellige. Det er noko av den kunnskapen eg tar med meg frå Unicare Røros. Ja, eg har jo også tidlegare erfart at det kan vere slik. Men her har eg faktisk møtt ein doktor, som eg heilt utan vidare vil utrope til den trivelegaste eg nokon gong har vore borti. I løpet av dei siste (snart) 67 åra har det da vorte nokre møte med menn og kvinner i kvit frakk.
Anders Ose er kardiolog her på huset. Han er på fleire vis noko for seg sjølv. I plenum møter vi den kunnskapsrike, pedagogiske, lune og underfundig humoristiske foredragshaldaren. I samtalar ein til ein skapar han ein usedvanleg trygg og roleg atmosfære, noko som eg veit at fleire enn eg ofte har sakna i møte med lege.
Det eg skriv om kardiologen vår, er basert både på eigne erfaringar og det eg har høyrt frå andre i gruppa. Sjølv hadde eg time med Ose for nokre dagar sidan. Ein travel sjukehuslege ville ha gjort unna samtalen på fem minutt, sidan det strengt tatt berre var noko småtteri som skulle sjekkast ut. Men det gjekk tre kvarter før eg var ute av kontoret. Intervalløkta, som stod på timeplanen, rauk.
Vi starta med hjarte- og medisinprat, før samtalen dreide over på lokalavis. Eg forventar ikkje at alle legar skal vere interesserte i det eg har drive med i heile mitt yrkesaktive liv. Men å treffe ein hjartespesialist som er det, var no veldig stas da. Så er sjølvsagt ikkje poenget her at temaet var avis – det kunne ha vore kva som helst, men at han hadde tid. God tid. Tid til å forklare. Tid til å lytte. Tid til å sjå heile personen som sat i den andre stolen. Slikt er mangelvare i dag, i vårt hardt pressa helsevesen.
Etter ein del møte med diverse ordknappe kardiologar i Molde, tykkjer eg Anders Ose fortener denne rosen. Ein doktor og ein doktor er to forskjellige ting. Ingen tvil om det.
Elles viser kalenderen at heimreisedagen 21. februar nærmar seg. Tida har gått fort under den eventyrlege oppussinga. Det er som regel slik når ein er i godt lag, og dagane er interessante. Vi er privilegerte, som får nyte godt av Unicare sitt fantastiske rehabiliteringsopplegg. Det er berre å håpe at regjeringa sitt mildt sagt anstrengte forhold til private helseaktørar ikkje øydelegg framtida til det som er bygd opp på Røros.
Les også:
Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet
Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla
Eventyrleg oppussing(3): Friminutt i storslått natur
Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna
Jeg tror jeg har truffet en nevrolog fra sykehuset i Molde som kommer hit til Kristiansund med kontordag med gjevne mellomrom.
Jeg regnet at det tok de lovpålagte 20 minutter. Jeg var der en time. Erling som satt på gangen trodde jeg var blitt alvorlig syk. Da timen var gått sa han. Jeg må be inn mannen din også. jeg må forklare han at du egentlig ikke mangler noe bortsett fra det vi vet om fra før.
Legen og jeg snakket mye om
Innlandet, han vokste opp her så det ble litt prat om iInnlandet før og nå.
Du går mot slutten
av oppussinga og jeg leser meg til at du er fornøyd med resultatet. Ha en fortsatt fin dag. Her er det helt nydelig. speilblank sjø og solskinn.
Jeg sitter her og nyter utsikten og tar en pust i bakken etter å ha hatt hjemmesykepleien på besøk ett par timer.
LikerLiker
Takk for hyggelig hilsen!
LikerLiker