Eventyrleg oppussing (6): No er jobben gjort

Februarsøndag med sport og åndelege sysler på hybelen.

Det er helg i min ringe residens på Unicare Røros. Den siste helga, også. Fire veker har straks gått. Om eg er lei? Nei. Og ja. Eg kjenner vel på at no er det nok. Det skal bli utruleg godt å kome heim til Mette.

Det er sju, åtte år sidan eg fekk beskjed om at det på eit eller anna tidspunkt måtte ein hjarteoperasjon til. 8. februar i fjor bestemte legen på sjukehuset i Molde at tida var inne. Det har vore eit langt løp. Vissheita om at ein operasjon ville kome, har aldri plaga meg. Samtidig har nok ventinga stengt litt for utsikta inn i framtida. No er jobben gjort. Ferda går vidare ut i ope landskap.

Hjartegruppa har vore eit inspirerande og triveleg fellesskap. Vi er 17 personar, elleve menn og seks kvinner, som har kvar vår unike historie i bagasjen. Gjennom forelesningar, gruppearbeid, trening, felles måltid og sosialt samvær har vi vorte godt kjent. Eg har lært mykje av desse flotte menneska. Til og med om meg sjølv. Takk skal de ha.

Nemnast må naturlegvis teamet som har leia oss gjennom rehabiliteringa. Ein strålande gjeng, som har skapt trygge rammer rundt treningsaktivitetane, og som ikkje minst er veldig flinke til å sjå kvar enkelt. Dette er fenomenale folk!

Eg kom til Røros i det eg opplevde som brukbar form. I løpet av rehabiliteringa har eg tatt nye steg. Kroppen har neppe vore i betre forfatning på i alle fall femten år. Eg har fått godkjentstempel av kardiologen. Oppussinga har vore eventyrleg, rett og slett. No gjeld det å opprette gode treningsrutiner framover. Det skal nok gå bra. Verdas flottaste treningsstudio ser du bilde av under teksten. Motivasjonen er på topp.

Dermed har sjette og siste Røros-rapport gått på lufta. Om denne skrivinga har hatt noko for seg, kan vel diskuterast. Men lesartala viser at overraskande mange har lest betraktningane mine frå Bergstaden. Trivelege tilbakemeldingar har eg også fått. Så heilt meiningslaust har det kanskje ikkje vore.

Hvis eg skal prøve å formulere eit slags formål med desse blogginnlegga, må det vere å få fram at får du sykdomsutfordringar, så står eit enormt apparat klart til å ta hand om deg. For meg har det vore viktig å avmystifisere plagene, og vere open om kva som har feila meg. Fleire år med venting på operasjon ga meg også god tid til å bygge meg opp mentalt mot det som eg visste måtte komme. Da eg gjekk inn dørene på St. Olavs hospital søndag 28. august 2022, var eg på alle vis klar. Eg grudde meg ikkje eit sekund.

Så er vi alle ulike. Kvar og ein må finne sin veg. Den tidlegare SV-profilen Berit Ås har sagt det slik: «Ein blir sjuk av å brenne inne med ting, og sidan eg har tenkt å bli 106 år, så kan eg ikkje brenne inne med ting. Eg må jo sjå korleis det går». Berit Ås fyller 95 år i april i år.

Tæla, here I come.

Les også:

Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet

Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Eventyrleg oppussing (5): Ein usedvanleg triveleg doktor

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s