
Den siste halvanna veka har eg trøydd tida med snømåking. Etter ein stort sett snøfri vinter, opna alle himmelens sluser seg i starten av mars. Folk i Bud seier at det er veldig lenge sidan dei har sett slike snømengder her ute.
Mars er ifølge kalenderen den første vårmånaden. Men det er ein lunefull månad. Ofte kjem det store mengder med snø på denne tida. Det som har skjedd dei siste vekene, er ikkje noko særsyn. Heller tvert om. Mars er seg sjølv lik. Og enno er han ikkje over. Det kan kome meir snø både denne månaden og i den neste.
Eg gløymer aldri påskeveka i 2012. Palmesøndag 1. april var eg ein tur oppe på hytta med litt proviant. Skiføret var prima. Onsdag, altså tre dagar seinare, gjekk turen opp liene igjen. Da var ikkje føret like lett, for å seie det mildt. Nynøen låg over meteren djup, og det vart ein av dei mest strabasiøse turane eg kan hugse. Tre timar tok marsjen frå Myrabrua.
Dagen etter rente eg ned for å møte den da nokså ferske kjærasten min, Mette. Spora mine hadde forsvunne i vind og snøfokk, så turen opp vart same leksa som dagen før. Eg frykta for at buaværingen skulle ta skrekken, men det skjedde absolutt ikkje. Tvert om. Det vart faktisk ein triveleg tur, sjølv om vi sleit noko forferdeleg. Oppe i Fallan, ved den gamle byttolla, prøvde eg meg med nokre oppmuntrande ord: «Herifrå er det berre 15-20 minutt att på normalt føre». Men føret var ikkje normalt. Vi brukte ein time på dei siste 800 metrane.

Ja, slik er no denne våren, som alle har store så forventningar til. Eg ser kvart år dei som startar hagearbeidet så fort vårsola vermer, og den første berrflekken dukkar opp. På terrassen kjem møblane fram. De blir nok skuffa, tenker eg. Som oftast får eg rett. For plutseleg kjem snøen tilbake, gjerne med ei frostnatt eller to som ekstra bonus. Eit av dei sikraste vårteikna er at folk tek våren på forskot, og let seg lure av vergudane.
Her i Robinsonmarka 26 har vi klokeleg stelt oss slik at hagearbeid ikkje opptar mykje av tida vår. Stilen er nøktern, for å seie det slik. Ein gong i tida hadde eg ein nabo som sa at han aldri kjøpte planter og busker, utan at dei hadde «Sibir» i namnet sitt. Da var dei hardføre og klarte seg utan stell, meinte han. Eg og Mette har så langt ikkje nytta oss av denne regelen. Men så har vi da, strengt tatt, heller ikkje planta meir enn høgst nødvendig etter at vi flytta hit. Det er vel rett å seie at akkurat det er ein av mine store sigrar i dette ekteskapet. Poenget er å vinne dei rette kampane.
Men vi klipper plena og held orden rundt oss. Mette pyntar og steller. Så blir det i grunnen ganske ålreit. Livet er for kort til å drive hagearbeid i særleg utstrekning. Det meiner no eg.
Tilbake til notida: Tidleg i går var eg ute og tok morgongåva frå brøytaren. Han hadde som vanleg lagt igjen ein halvmeter høg kant i enden av vegen opp til huset vårt. Dei to – tre centimetrane som elles hadde kome oppover vegen og rundt huset, let eg vere i fred. No melder Yr mildver. Det er på tide at naturen sjølv tar over arbeidet og ordnar opp etter seg.
