
Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like.
Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp liene startar, skal eg levere nokre kassar med proviant til vår faste skuterkøyrar Gunnar. Da blir sekken lett.
Det var den ikkje i dei åra vi bar opp all påskeprovianten på ryggen. Det var mange tunge tak. Ein gong hugsar eg at svigerson Tom bar opp to blytunge sekkar på ein og same dag. Etter å ha vrengt av seg sekk nummer ein ved hyttedøra, snudde han tvert og rente ned i Kvenndalen for å hente ein minst like tung sekk nummer to. Ein sprek kar. Det skal vere visst.
Eg er nok ikkje så sprek. Men når det er sagt, så er formen betre enn på mange år. Legane i Trondheim gjorde meg til ein ny mann. Da eg starta opptreninga etter operasjonen, var påskefeiring på Tæla eit av måla. No skal eg draumen realiserast.
Eg har ikkje vore på Tæla sidan påska i fjor. Den lange pausen frå fjellet var noko eg berre måtte lære meg å handtere. Men omstillinga var stor. Det skal innrømmast. Sidan hausten 1992 har eg skrive i hytteboka rundt 1.600 dagar, som altså utgjer meir enn fire år. Hytta har vore ein livsstil.

Så er no dette livet slik at må du, så må du. Konklusjonen er at det gjekk bra. Ein viktig del av oppskrifta er fokusere på det som er gjennomførbart, og hente det positive ut av dette. Å la tankane kverne rundt det uoppnåelege, er bortkasta energi.
Reparasjonsalderen har innhenta oss i Robinsonmarka 26. Mette hinkar rundt med eit flunkande nytt kne, og blir av den grunn ingen skirennar i år. Hennar mål er å få med seg mest mogleg av sommar- og haustsesongen på hytta. Dermed blir det palmehelg og påske i einsam majestet for meg. Om nokon fer forbi, kan eg opplyse at planen for påska er å kome opp om ettermiddagen langfredag, og så bli i alle fall til og med andredagen. Ligg det an til fint ver, strekker eg kanskje opphaldet enda lenger.
Sidan påska i år kjem tidleg i april, ligg det an til fleire fine skihelger og -dagar på Tæla også etter påskehøgtida. For mange er det nok slik at påska markerer slutten på skisesongen. Eg tykkjer for min del at dei finaste skimånadene er april og mai. Skiturar over Tæla og til toppane rundt på denne tida, er naturopplevingar frå øvste hylle. Men for all del, vi er ulike. Dei som startar skisesongen allereie i desember, begynner vel å få nok når våren bankar på.
Dette blir mi trettiande Tæla-påske. Med unntak av forbodsåret 2020, har det fore påskefeiring i Tælastuå alle år sidan 1993. Rekka med gode minne er uendeleg lang. I år har eg tenkt å gjere ho enda litt lengre. Sjølv om det aller beste er å vere to, har eg funne meg selskap som eg kan trivast saman med i år også.
